Søndag 9. juli kjem Jo Sverre Sande til Svinviks arboret for å halde konsert. Rindalingen har markert seg skikkeleg i musikkmiljøet dei siste åra, og var sist i Todalen som deltakar på låtskrivarseminaret på Todalshytta og deltok i den samanheng på konserten Raus 2017. No er han altså aktuell med eigen konsert i arboretet søndag kveld kl 18.00.
Les heile saka
Finvêret har vist seg i det siste og vi er inne i sommarferiemånaden juli, som betyr at vi skal kåre vinnaren av månadens bilete for juni. Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Du kan stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) fram til fredag kveld.
Les heile saka
Seniorlaget til Todalen I.L. er ikkje med i serien, men har det artig med fotball likevel. Til helga skal dei til Bøfjorden for å forsvare Todalens æra under Bøfjordhelga. Vi reknar med å ta alle 3 poenga under denne kampen, skøyar fotballsjef Knut Bergli når vi snakka med han i dag.
Les heile saka
Todalshytta melder om at det denne veka blir balldag på onsdag. Dette på grunn av at balldagen kolliderer med eit anna arrangement på Todalshytta denne tysdagen, melder Eric Malling som er vertskap på Todalshytta. Onsdag blir balldagen til vanleg tid – frå kl 14.00 til kl 17.00.
Les heile saka
Surnadal Sparebank har lange tradisjonar med å støtte lag og foreninger økonomisk, både i form av gavetildeling og sponsing. Dette mangfoldet ønsker dei no å vise fram når dei laurdag 2. september skal feire sin 175 årsdag på Skei.
Les heile saka
På Todalsdagen var det full fart med fotball på 5 banar heile dagen – stor stemning var det og det er vanskeleg å skjønne korleis kreften strakk til for alle smårollingane som spela mange kampar i løpte av dagen og likevel hadde krefter til å delta på MiniRæta og til å kjøre trøbil rundt omkring på Bordholmen når dei hadde fri mellom kampane.
Les heile saka
Med knappe 86 betalande deltakarar vart det unggut og todaling Erik Kårvatn som vart den sterkaste i det vi no kan kalle tradisjonsløpet Ræta Opp. Erik låg på andreplass fram til siste kneika opp Reita, men «fekk» leiinga etter at leiande Kevin Anders Brusethaug sprang litt feil i traseen og tapte verdifull tid.
Les heile saka
Første avspark er gjort – kampen mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) og Bud vart Todalsdagens første kamp av rundt 60 kampar utover dagen. Det gikk ikkje meir enn rundt 6 minutt ut i kampen før Sander Roaldsøy sørga for cupens første mål for bud. No er det meste i gang – vi var der i 8.30-tida og […]
Les heile saka
Fredag kveld var det siste innspurt på dugnadsarbeidet og no er det klart til å ta i mot gjestane. Til Todalsdagen kjem det over 30 fotballag og det skal arrangerast over 60 kampar i løpet av laurdagen. I tillegg arrangeres mosjonsløpet Ræta Opp, der over hundre deltakarar skal starte på Bordholmen og så ein svipptur til Halsetræta for å prøve seg på motbakkane der…
Les heile saka
Svinviks arboret ønskjer hjelp frå publikum til å finne sortar og gamle typar av kulturplantene som vart selde frå Svinviks arboret under Anne og Halvor si tid. Vi i arboretet ønskjer å samla inn meir kunnskap om kva planter som har vore selde i Svinvika gjennom tida. Vi er også interesserte i om nokon har […]
Les heile saka
Bur du i nærområdet så finn du årets «Todalsdagavis» i postkassen din torsdag kveld. I dag var nemleg alt klart til trykking og etterpå har distribusjonsmannskap tråla seg fram til alle postkassar
Les heile saka
Da har vi fått tilsendt programmet for Todalsdagen 2017. Her er det ikkje berre fotball som står i sentrum. Som vanleg har Todalen IL mykje å by på til sine besøkende denne dagen.
Les heile saka