Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Hele Norge spiser ute»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. oktober 2025

Søndag 19. oktober mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til markering av Friluftslivets år gjennom arrangementet «Hele Norge spiser ute», på Mjølkesanden i Bøfjorden.

Les heile saka

Stem på månadens bilete i september

Guro Redalen Torsdag 9. oktober 2025

Kven knipsa best i september? Frå humle til horn, fjordglød til nysnø – kandidatane til månadens bilete er like varierte som vareutsalet på bakrommet på Hals. Stem på din favoritt no, og bli med å kåre Todalens neste linse-legende!

Les heile saka


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 9. oktober 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 11. september i tidsrommet frå kl. 13:00 til kl. 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!

Les heile saka

Rydda turstien for rotvelter

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Hauststormen Amy laga litt av eit kaos i Toåa tursti, der stien går gjennom Gunnøyskogen.  Her var det mykje stor older som hadde gått overende og sperra for trafikk dei første dagane etter stormen.  Men gudmund Kvendset bretta opp ermane og sette i gang med oppryddingsarbeidet med motorsag. 

Les heile saka

71 grader nord – i kveld kjem episode 13 frå Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Den siste veka har det vore sending frå Stangvika der dei to laga konkurrerer på vegen innover til Toadal.  I episode 12 kom dei til Todalshytta.  I episode 13 på Todalshytta og i gapahuken på Tjønnmyran blir det overnatting.  Kva slags aktivitetar vi får sjå veit vi ikkje for det er hemmeleg til sendinga startar på TV Norge i kveld frå kl 20:30 til 21:30.  Still inn på TV Norge!


Kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Den entusiastisk stordansaren Rune Hanem med fylje, kjem frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i Todalspols. Han ynskjer no å lære frå seg denne fine dansen, som han sjølv fekk lære av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære denne polsen.

Les heile saka

Inviterer til bokbad med Arild Staverum

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. oktober 2025

Måndag 13. oktober klokka 19:00 kjem Arild Stavrum til Surnadal bibliotek for å lansere sin nye roman «Ukyssede sko», ein drivande historisk roman om idrett, klasse, sjalusi og kjærleik! Vi inviterer til bokbad kor forfattaren blir intervjua av sin redaktør Kari Joynt.

Les heile saka

Open dag med haustmeny på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Etter ein hektisk sesong er det no på tide med ein open dag på hytta der vi vil presentere haustens nyheiter på Ala carte-menyen i restauranten som er open frå 15:00 til 19:00.  Vi har faktisk fått mykje positive tilbakemeldingar og gler oss til å ta deg med på ein kulinarisk dag i restauranten, seier Arve Evensen som saman med kona Cristy er vertskap på Todalshytta.

Les heile saka

Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. oktober 2025

Todalen sanitetsforening arrangerer basar torsdag 23. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.

Les heile saka

Inviterer til gratis julefeiring på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. oktober 2025

Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, i samarbeid med Hammerstuene og Martha Torvik, inviterer i år til gratis og rusfri lågterskeljulefeiring for absolutt alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene onsdag 24. desember klokka 13:00 – 15:00.

Les heile saka