Kirkens Nødhjelp (KN) sin aksjon er eit årvisst innslag i fastetida. Tysdag 28. mars kjem konfirmantar og andre bøsseberarar på døra. Sokna i Surnadal og Rindal hadde strategimøte torsdag. KN-samordnar Gro Hauge Venås og soknekontaktane drøfta årets gjennomføring og fordelte bøsser og anna materiell.
Les heile saka
FRAM Møre og Romsdal melder at fergestrekninga Kvanne – Rykkjem no skal elektrifiserast for fullt. Ladeanlegget på Rykkjem skal difor ferdigstillast, noko som i perioden 27. februar til og med 16. mars, vil bety nokre små justeringar i ferge- og bussrutene i denne perioden.
Les heile saka
Søndag 19. februar klokka 16:00 inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Servering av bakels med graut og kaffe.
Les heile saka
Torsdag kveld opna Surnadal kunstforening utstillinga «Vintersyn», der Kristian Finborud frå Voss er gjest og utstillar. Alex Trio sørga for kulturelt innslag til opninga med Nordmørsminne i ein instrumental versjon. Det er faktisk 10 år sia sist Finborud var i Surnadal, og mange frammøtte til opninga tydar på at Finborud appelerer til mange med sin kunst som på mange måtar var inpirert av Vestlandsnaturen.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. februar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder at det blir salg av fastelavnsris fredag 17. og laurdag 18. februar framfor Matkroken/Halsbua. Dei har både tradisjonelle bjørkeris og allergivennlege ris av lerk til salgs.
Les heile saka
Onsdag mønstra Svorka Energi med både kranbil og gravemaskin ved trafokiosken i «Småland». Da vart det spekulasjon – kva er det som foregår her, skal trafokiosken fjernast?
Les heile saka
Tysdag var årets første balldag på Todalshytta, og vi hadde bra besøk og mange positive tilbakemeldingar både på potetballen og sildballen vår, fortel Arve Evensen som er vert på hytta.
Les heile saka
Talgø er på jakt etter butikksjef for Hageland Surnadal, som ligger på Syltøran ved utløpet av elva Surna. Hageland er en del av butikkdivisjonen i Talgøkonsernet, og har drevet med hagesenter siden 2013. Bla videre så finner du annonsen for stillingen som butikksjef for Hageland Surnadal som har søknadsfrist til 14. mars.
Les heile saka
Surnadal JFF inviterer til jakt- og fiskeskule 1. halvår 2023. Så har du lyst til å lære om aktivitetar knytta til jakt, fiske og friluftsliv?, og samtidig er i aldersgruppa 10 – 13, da kan dette vere noko for deg!
Les heile saka
Neste veke er de vinterferie på skulane over store delar av landet, inkludert i Surnadal kommune. Svømmehalden er open tysdag, onsdag og torsdag i vinterferieveka, slik at dei som brukar svømmehallen til vanleg, også kan nytte seg av tilbodet når skulane held vinterferiestengt.
Les heile saka
Travle tider og stor aktivitet på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Lokalane som den siste mannsalderen har vore bruka til møbelutstillingar for dei forskjellige Talgø-fabrikkane er no under ombygging og oppussing, og vil bli tilpassa dagens behov og når det gjeld møte- og salsarbeid for Talgøkonsernet. Den nyaste avdelinga vil bli utstilling for Talgø Møretre samt at det vil bli rigga til ein lounge eller salog med sofa- og salongmøbler ved den store peisen og vil bli Talgøkonsernets storstue.
Les heile saka