Etter 10 år i bresjen for Norsk Laksefestival overlet no Ragnar Halle roret til nye krefter, kan vi lesa på Trollheimsporten.
Les heile saka
Etter 10 år i bresjen for Norsk Laksefestival overlet no Ragnar Halle roret til nye krefter, kan vi lesa på Trollheimsporten.
Les heile sakaSøndag ettermiddag vart vi vitne til landing av laks i Brusethølen. Det var Svein Kaldvannsvik frå Malmefjorden som tok på land ein laks på 6-7 kg, etter å ha arma fisken litt. Han kunne fortelje at han hadde teke ein på ca 7 kg i toåa også for nokre dagar sidan. Kaldvannsvik har tilhald på campingplassen på Røv, og har teke 3 laksar på 7-8 kg i Surna i sommar.
Les heile sakaLaurdag 3. juli er det klart for fotballfest på Bordholmen igjen. Da samlast 36 lag med knøttar, miniputtar og lillegutar/lillejenter til fotballcup i Todalen. Det er lag fra Romsdal, Trøndelag og sjølvsagt Normøre som møtes for å ha det artig med fotball gjennom ein heil dag. Langtidsvarslet er i skrivande stund lovande, og yr.no lovar sommartemperatur som ligg midt på tjuetalet, seier cupgeneral Bjørn Hauglann til Todalen.no.
Les heile sakaFør første gong satsar Talgø-bedriftene på felles marknadsføring for dei tre produksjonsbedriftene. Det gjelder T-Komponent i Rindal, MøreTre i Surnadal og Talgø Møbelfabrikk i Todalen. Den felles satsinga i ny 68-siders byggvarekatalog styrkar satsinga mot byggvaremarknaden i Norge, og er eit langt skritt framover, sier konsernsjef Terje Talgø som også er stolt av at ein no kan får Talgø® som felles varemerke for alle bedriftene. Ved MøreTre vil ein samtidig få ei nysatsing på royalimpregert virke gjennom produktmerket MøreRoyal®.
Les heile sakaNorske Laksefestival er allereie i gang, med blant anna kunstutstilling og fisking i Glønavatnet. Fram mot søndag er det mykje som foregår, og for å få full oversikt kan du gå inn på Norsk Laksefestival sine heimesider.
Les heile sakaTorsdag kveld var det høgtidleg opning av kunstutstillinga til kunstnaren Elisabeth Aas i Surnadal kulturhus. Ho er i år festivalutstillar i høve Laksefestivalen, og viste eit stort utvalg i maleri som er måla på handlaga indisk bomullspapir. Ho nyttar akrylmåling, men det er også bruka kull, kritt, lim og fin sand (frå elva i Todalen) i måleria. Ho stilte ut mange fine og fargerike måleri i fleire storleikar.
Les heile sakaKomiteen måtte hastigt bera ut fleire bord og stolar da det var sankthansfeiring på Bordholmen onsdag kveld. Mykje folk møtte opp til grilling og sosialt samver i godveret. Idrettslaget stod klare med varme grillar då folket kom, så det var berre å legge på medbragt grillmat for den som ville.
Les heile sakaUnder Todalsdagen 3. juli er det tradisjon med loppemarked. Det er både trivelig og sosialt, og det kjem inn ein slant med pengar til drift av Trimgruppa og fotballgruppa i idrettslaget. Borghild Betten Talgø er ivrig på at folk skal rydde i kott, skuffer, uthus og kjeller for å finne fram lopper som kan gjera loppemarkedet […]
Les heile sakaTodalen I.L. skal sørve Norsk Laksefestival med vakttenester i helga. Her kan du finne vaktlistene som PDF, både for fredag og laurdag og du laste dem ned.
Les heile sakaI kveld spela G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen kamp på Bordholmen. Etter ei sprenghelg i Malmefjorden var det kanskje ikkje full gass over heile linja, men laget vann komfortabelt 2-0 mot Molde FK.
Les heile sakaOnsdag blir det St.Hansfeiring på Bordholmen. Klokken 18.00 starter det hele med grilling. Da med grillmat og kom på Bordholmen. Det blir åpen kiosk med salg av is og brus med meir. Det blir og loddsalg.
Les heile sakaDa er ein ny kandidat til månadens blogginnlegg klar for publisering her på todalen.no, og redaksjonen håpar at samarbeidspartner Gjermund Moe slett ikkje har tenkt å ta sommarfeie på dette området.
Les heile saka