Passkiosken er komen i funksjon igjen, melder Surnadal lensmannskontor. Lensmannskontoret er ope kvar dag denne veka og heile neste veke for passbestilling, og langope tysdag 9. juli til kl. 17.
Passkiosken er komen i funksjon igjen, melder Surnadal lensmannskontor. Lensmannskontoret er ope kvar dag denne veka og heile neste veke for passbestilling, og langope tysdag 9. juli til kl. 17.
Måndag 1. juli opnar vorpå på Kroknesset på Hendset etter å ha vore stengt sia 2004. Dermed blir ein over 600 år gamal tradisjon ført vidare. Dette markeres både på Kroknesset frå kl 17 og i Halsahallen frå kl 18. I Halsahallen blir det både boklansering og kåseri om vorpå på Kroknesset.
Les heile sakaVeret var ganske ruskåt på starten av dagen, og det må nok ta ein stor del av skulda for at ikkje fleire enn 5 personar møtte opp ved Rødsetgarden for å ta turen opp til dei nyrestaurerte seterhusa i lag med Reidun B. Rødset som stilte opp som «gaid» på turen.
Les heile sakaEi lynnedslag i trafoen ved Falløya førte til straumbrot i heile eller delar av Brusetmarka i 17-tida. Dette medfører også at abonnentane for vassverket i Bjøråa er utan vatn. Transformatoren er øydelagt og må difor skiftast ut.
Les heile sakaDei to første vekene har det gått litt tregt med laksefisket. Til saman er det landa 7 laks i denne perioden, men gjennomsnittsvekta er rimeleg bra på 5,5 kg – den største var på 9,3 kg og teken på flue. 6 av dei 7 første laksane er forresten tekne på flue, fortel Tove T. Brøndbo i Todalen elveeigarlag.
Les heile sakaEin dag med full fart på fotballbanen og med rekorddeltaking i Ræta Opp er over. Til saman var det 32 fotballag som spela heile 62 kampar med treerfotball i løpet av dagen, og det er nok fleire undre unge fotballspelarar som har fått ein ny premie til premiehylla – for alle som deltek får sjølvsagt premie under Todalsdagen.
Les heile sakaPresis kl. 09:00 gikk flagget til topps, og Todalsdagen var i gang. Vêrgudane var ikkje heilt på lag frå morgonen av, men yr.no lovar betring utover føremiddagen, og temperatur er da slett ikkje verst og vêr og vind er til å leve med når ein kler seg etter tilhøva. mellom 30 og 40 lag er på plass på Bordholmen og det er eit yrande liv.
Les heile sakaDet er heilt utruleg kva dugnadsgjengen på Bordholmen får til den siste kvelden før Todalsdagen. Ein stor gjeng med dugnadsfolk var i full aksjon på mange frontar da Todalen.no stakk innom for å lodde stemninga. Siste kvelden da skal alt på plass, slik at det er berre heise flagget og sette i gang laurdag morgon. Venter […]
Les heile sakaNår mesta 40 fotballlag skal møtes på Bordholmen på lørdag, så må det frem litt informasjon og lages noen regler, dersom en skal få ting til å fungere. Slik informasjon er sendt ut til deltakarlagene og vil nok fungere bra helt fra morgentimene lørdag og utover hele dagen.
Les heile sakaTodalen Idrettslag har 4 biletter til kampen mellom KBK og Lillestrøm fredag 5. juli kl 18:00. Har du lyst til å sjå denne kampen så har du sjansen no! Først til mølla, sende SMS til Nils Ove Bruset på telefon 97 08 10 93
Loppemarknaden under Todalsdagen begynner å bli ein skikkeleg tradisjon, og har skaffa mykje inntekt til Todalen I.L. Det er Fotballgruppa og Trimgruppa som deler inntekta frå loppemarknaden som årleg kjem på rund 20.000 kroner. No er det igjen tid for å rydde i kjellar og på loft for å finne fram høvelege lopper som kan seljast under Todalsdagen.
Les heile sakaSom tidlegare år er det laga eit programhefte som deles ut på Bordholmen og som er/blir putta i postkassane i Todalen. her finn du oversikt over programmet og du finn annonsørane som er våre sponsorer og som har vore med og gjort Todalsdagen 2019 mulig å gjennomføre.
Les heile saka