Det var fullt hus i den gamle skulstuå på Årnes da Svein Aarnes ønskte vel møtt til den femtande Årnesdagen.
Les heile saka
Det var fullt hus i den gamle skulstuå på Årnes da Svein Aarnes ønskte vel møtt til den femtande Årnesdagen.
Les heile sakaAkkurat på dagen ein månad etter den dramatiske brannen i Holbakken hos Elinor og Ivar, var det torsdag kveld ein liten dugnad for å flytte blomstrar, planter og busker.- Mange har ytra ønske om å kunne hjelpe oss på all slags vis etter brannen, og dette var ei fin anledning til å både vere sosial og gjere noko det var gang i, fortel Elinor Bolme
Les heile sakaTysdag 9. september går turen til Tindan i Valsøyfjorden. Oppmøte på parkeringsplassen på Øye kl 09.30 for samkjøring til Henna og bomvegen innover Hennadalen til parkering ved Hennasetra. Følger stien som går til Hennafjellet opp til skiltet på biletet. Tek der til høgre og følger stien innover til Tindan.
Vel møtt medlemmer og andre!
Veidekke troppa opp med lastebil og gravemaskin i Brusetmelan fredag føremiddag – er det nytt skilt som skal på plass, spør vi Øystein Kvernberg som er i ferd med å graveopp og montere eit fundament mellom vegen og elva? – Kvernberg har akkurat fått på plass fundamentet, og han har forklaringa på kva som skal skje!
Les heile sakaTurgruppa i gamle Stangvik og Stangvik historielag inviterer til årets Årnesdag laurdag 6. september. Arrangementet blir i Grendahuset og startar kl. 11:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaTorsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane.
Les heile sakaVelkomen til vår jubileumskonsert, vår storsatsing med salmekonserten vi har kalla «Blott en dag». I samband med 30-årsjubileet inviterer vi til to salmekonsertar i haust. Du kan høyre oss i Øye kyrkje, laurdag 4. oktober og i Rindal kyrkje søndag 5. oktober – begge dagar kl. 17:00. Billettprisen er kr 300 og du kjøper billett ved døra.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. september kl. 18:00 i Sanitetshuset. Vel møtt!
Les heile sakaFør stortingsvalet tek all merksemd, inviterer vi til å røyste på månadens bilete for august på todalen.no. Her er det ingen sperregrense, berre blinkskot frå fjord, fjell og ferje.
Les heile sakaI år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.
Les heile sakaVerkstad etablert i 1979 med tilhøyrande tomt til salgs. Eigedomen ligg ved Todalsøra og er regulert til næringsformål. Salet vert gjennomført privat.
Les heile sakaI dag fekk vi det synlege beviset på at sommaren er på hell. Jenstad Maskin har jobben med å sette ut brøytestikker her i området på oppdrag frå Veidekke. I løpet av dagen kjem nok det meste av brøytestikkene på plass på FV 6145 inn til Todalen og nedover til Todalsøra og FV 6146 frå Kvennset til Bruset og FV 6148 frå Bruset og nedover til Halsabrua.
Les heile saka