Dei siste dagane har vi vore åtvara mot ekstremvêret «Amy» som skulle bli det verste ekstremvêret på 25 år. «Amy» kom som planlagt, og laga skikkeleg kaos med både stengt veg, straumutfall, og utfall av breibandleveranse og telefon. Når det er slik føler du deg ribba til skinnet, og det er ikkje enkelt å vite kvar ein skal starte for å kome seg innpå igjen.
Les heile saka
Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Nordmøres store spelemann Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875.
Les heile saka
Uværet har ført til at det er massivt straumbrot i Todalen. Vi har foreløpig ingen informasjon om kva som er årsak og kor lang tid det vil ta før straumen er tilbake.
No er ekstremvêret Amy på veg inn over Sør-Norge. Verst blir nok vær og vind på Skagerakkysten, men det vil nok bli sterk vind på våre kantar og. Lokalt ligg vi her så vidt innafor orange sone for ekstremvarsel, medan heile Nordmøre ligg innafor gul sone. Det er nok best å førebu seg på at det kan bli sterk vind – spesielt sterke vindkast.
Les heile saka
Innspellinga av «71 grader Nord – Norges tøffeste kjendis» som gjekk føre seg i månadsskiftet april/mai var innom Stangvika og Todalen – med overnatting på Todalshytta og i gapahuken på Tjønnmyran. – Torsdag 2. oktober blir episode 10 vist, og her får vi nok sjå lokale opptak som vart gjort den gongen?
Les heile saka
Dersom du har observert ein rød veidekkebil med ei lang arm frampå, så er det Steinar Furali frå Elverum som er på tur rundt bygda for å reparere dei største hola i asfalten. Han sprøyter hola full med ei slags asfaltblanding, og så legg han på eit «lokk» med strøsand på toppen.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne siste dagen i september gjekk turen til Fauskåfjellet.
Les heile saka
Talgø MøreTre ligger ved Surnadalsøra i Surnadal kommune og er en del av Talgø-konsernet. I 2024 hadde Talgø MøreTre en omsetning på 495 millioner og 85 ansatte. Anlegget ble overtatt av konsernet i 1997, og er i dag en betydelig aktør på det norske trelastmarkedet og markedsledende innenfor royalimpregnerte fasadeprodukter.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen frå dei siste åra med kortreist julekalender. I samband med dette er dei avhengig av at gode givarar bidreg med kalendergåver.
Les heile saka
Jan Melsåsen og Audun Døving frå Norva Miljøservice er denne veka i full gang med septiktømming i Todalen. Dei reknar med at dei treng 2-3 veker før dei er ferdige her, dersom det ikkje skjer noko spesielt. Da er det viktig at du har gjort klar for tømming, slik at dei finn septikkummen og får det til å gå radig.
Les heile saka
Tysdag 30. september er sesongens siste dag i trimåret 24/25, og «På tur i Todalen 24/25» i trimpoengappen blir avslutta, og blir onsdag 1. oktober erstatta av den nye «På tur i Todalen 25/26». Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også den komande trimsesongen.
Les heile saka
Pensjonistforbundet Surnadal og Surnadal Eldreråd inviterer til markering av Eldredagen 2025 i Surnadal på Hammerstuene torsdag 2. oktober frå klokka 14:00.
Les heile saka