I dag er det nordvikgardingane som arrangerer romjulsmarsj. Dei har oppmøte ved leikeplassen i Sollia mellom 13 og 14 og håper at mange kjem og blir med. Dei fristar både med kakao, gløgg og pepperkaker.
Les heile saka
Kristina dømmer i verdenstoppen
Sist uke ble Kristiansundsjenta Kristina Andersen Ness, med sterke aner fra Todalen, forfremmet til bryterdommer i kategorien Internasjonal 1. Den nest høyeste dommergraden en brytedommer kan ha på internasjonalt nivå.
Les heile saka
Startar nyåret med eit bang!
Surnadal kino tek høgde for at det er skulefri onsdag 2. januar og sett opp fire filmar den dagen.
Animasjonsfilmen «Troll – Kongens hale», og det som truleg blir det siste møtet med kritikarroste «Spider-Man: Into The Spider-Verse», går på dagtid.
Les heile saka
Spissfindige formuleringar, lange fotar og små hjerner..
Mens dei fleste av oss gjorde unna forberedelsane til jul i god tid, har revygjengen jobba litt meire intenst inne i julehøgtida for å legge tilrette for ein triveleg og sosial kveld i Todalen Ungdomshus 4. juledag. Nesten 70 betalande hadde sett av kvelden og kunne fornøyeleg nyte ein stor time med underhaldning fra scena.
Les heile saka
Romjulsmarsj med stor oppslutning
Det er riktig så triveleg å treffe så mykje folk når ein går Storrundt!», – det var omkvedet under «Romjulsmarsjen» i Todalen 4. juledag. Og det var kjøle mykje folk som var ute og gjekk, nesten 150 personar! Folk var glade for å treffe naboar, kjenningar, utflytta todalingar og andre som var på besøk og tok ein runde bygda rundt! Det vart mange stopp for å helse og slå av ein prat, altså vart det meir sosialt samver enn fart og trim! Men det er riktig så mange andre dagar i løpet av året ein kan springe, jogge eller finspasere Storrundt utan å treffe eit menneske.
Les heile saka
Hugs romjulsmarsjen
Imorgon frå kl 13.00 blir det arrangert romjulsmarsj. Værgudane ser òg ut til å å vera på lag, då det ikkje er meldt nedbør av betydeleg karakter
Les heile saka
KUstymene klare til revyfesta
I dag var første gjennomgang av årets julerevy. Gjengen vi trefte i ungdomshuset tykte dei var rimeleg godt i rute, og rekvisittaer og kostymer var produsert på løpande band. På papiret står 9 nummer frå scena; og dei kunne garantere både utgravinggar, nedgravingar, kaffekrok og presentasjon av sjølvaste urtodalingen. -Vi oppfordrar alle Hallingar om å komme i år, og naturleg vis alle andre som vil sjå kva vi har funne på om dei, ler Nils Ove, Anders og Lars spøkefulle.
Les heile saka
Dagens quiz.
Kjenner du disse?
Les heile saka
Pub, quiz og fotball
Pakkhuset Kro inviterer til fotball på storskjerm og åpen pub med quiz 2. juledag. Hr blir det altså noko for ein kvar smak, og ikkje minst med anledning til å treffe sambygdingar og ferierande julegjester på todalsbesøk.
Les heile saka
Kyrkja beklager manglande ringing
Kyrkja i Surnadal beklagar at jula ikkje vart ringt inn til rett klokkeslett i todalskyrkja julaftan. Det heile skuldast manglande kommunikasjon skriv kyrkjekontoret i ein epost til redaksjonen julekvelden. Kyrkja ønsker å sende ein stor takk til Amund Talgø som etter kvart kom seg inn i kyrkja og fikk ringt inn julehøgtida!

Med ønske om ei fredfull jul
Prest Kristin Strand ønska i dag ei bortimot fullsett Todalskyrkje velkommen til årets julegudstjeneste. Om ikkje julesnøen fekk lov å liggje og tilføre litt ekstra julestemning, så kom likevel høgtidsstemninga etter mykje fin julesong med det lille ekstra frå galleriet.
Les heile saka
Julegudstjeneste kl 13
I dag er det julegudstjeneste i Todalen kyrkje klokka 13. Møt opp og kom i høgtidsstemning og ønsk dine sambygdingar og tilreisande ei riktig god julehelg!
Les heile saka