Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag i Sanitetshuset torsdag 12. april kl. 13:00. På menyen står «Kjøtt i mørke», kaffe og kaker.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag i Sanitetshuset torsdag 12. april kl. 13:00. På menyen står «Kjøtt i mørke», kaffe og kaker.
Les heile sakaI fjor kom det første synkeholet på plassen framfor Matkroken – det kom i samband med tømming av sand frå avløpskummen. No viser det seg at det var fleire kummar som er skadd, og kummen ved sida av drivstoffpumpa har synket ned mellom 20 og 30 cm.
Les heile sakaMed alter som var pynta med snøklokker og påskeliljer var reint så god stemning da Todalen sokneråd samla rundt 50 deltakarar til friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Friluftsgudstenesta har vore eit fast arrangement heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på veret og flytta arrangementet inn i kyrkja.
Les heile saka2. påskedag – måndag 2. april er inviterer soknerådet på tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane. Tradisjonelt brukar det å være godt vêr, og det ser ut til at vêrgudane står oss bi i år også, seier Anders Gjeldnes i Todalen Sokneråd. Liturg er sokneprest Kristin Strand.
Les heile sakaJa, Ruth Søyset Jensen, ho er ein tredel av ungdomsbedrifta Lett på Kroken som ho var med og starta da ho gjekk på entreprenørlinja på Ålesund vidaregåande skule. Vi skal gjera historia kort, men det høyrer med til historia at ho og mora Anne er på påskebesøk hos bestemor Marit på Heimstad. Det høyrer også med til historia at Ruth er ei retteleg bessmorjente ….
Les heile sakaPå Bruset går det grøfter på kryss og tvers gjennom gardstunet og utover til elva uti Hagan. Onsdag før påske stoppa vi for å høre litt om kva som foregår og kvifor Per Gjeldnes Maskin lagar så djupe grøfter? Ikkje heilt uventa så dreier det seg om å hente ut varme…
Les heile sakaKnall påskevær og fint øståføre gjorde at det var godt oppmøte på årets Kjerringdilt på Skihytta i dag. Lukta av nysteikte bakels spredte seg i siste motbakken inn mot hytta, der trimgruppa i Todalen Il hadde rigga seg til.
Les heile sakaHøstsonaten av Ingmar Bergman har vært en fulltreffer for Teatret Vårt og blir framført i Surnadal kulturhus torsdag 5. april. Det intense oppgjøret mellom mor og datter har gledet og engasjert både publikum og presse.
Les heile sakaDa har redaksjonen fått tilsendt videoen frå revygruppa som med tre spanjolar gjer glir av både det eine og andre som har skjedd i Todalen det siste året.
Les heile sakaDisse brillene ble idag funnet på Innerdalsmerket. Er de dine kan du ta kontakt med Mari i redaksjonen, eller send oss en mail
Les heile sakaPå Nordvik er dei flinke til å ta vare på tradisjonane – det gjeld ikkje minst seterrennet, der årets renn er nr 90 i rekkja. Det blir no ikkje hugsa som det rennet som har trekt mest publikum og deltakarar, men derimot blir det eit av renna som har hatt finast vêr. Kanskje var det litt i kaldaste laget, da det heile dagen var rundt nullpunktet. Kuldegradane var rundt 10-talet natt til skjærtorsdag, og dermed vart det fint skareføre.
Les heile sakaPakkhuset pub held åpent påskelaurdag også. Her blir det muligheit for å treffe kjentfolk over enkel servering etter ein fin dag i fjellet eller andre påskesyssler. Dørene er åpne fra klokka 20.
Les heile saka