Det var ikkje uventa at Håvard Gjeldnes kom inn på bestetid og løyperekorden 11,01 under dagens mosjonsløp Ræta Opp. Hakk i hel kom Noa Sæterbø Råen, Sindre Hyldbakk Kvande, Halvor Åsbø og Torstein Snekvik som måtte på 12-talet. Bestetid i dameklassen fikk Kristin Aasen og Jorun Nordvik som kom på 16-talet med henholdsvis 16,10 og 16,14.
Les heile saka
Det går faktisk ikkje an å få betre forhold for å kose seg med fotball enn den vêrtypen vi har hatt på Bordholmen i dag. Det var knallblå himmel og sol heile dagen, men samtidig litt vintrekk – slik at det ikkje vart for varmt. I løpet av dagen har det vore 66 fotballkampar og jammen er det imponerande så sjå på alle dei dyktig fotballspelarane som har vore i aksjon i dag.
Les heile saka
Det er liten vannføring som er hovedårsak til at det innføres restriksjoner på laksefisket fra 1. juli. I kveld har dei sendt ut pressemelding om at dei vil sette i verk tiltak ved at all holaks skal settes ut igjen.
Les heile saka
I kveld var ein dugnadsgjeng i arbeid med klargjering av Bordholmen til Todalsdagen som arrangerast i morgon, laurdag 30. juni. Leiar i Todalen I.L., Nils Ove Bruset, er imponert over den store dugnadsinnsatsen som har vore lagt ned den siste tida. Men no er alt klappet og klart og kl 9.00 i morgon startar arrangementet, og da går det i eitt fram til klokka nærmar seg 17 før siste finalen er unnagjort.
Les heile saka
Arrangørane til morgondagens Todalsdag oppmodar todalingane til å benytte sykkel som transportmiddel i morgon tidleg. – Vi har litt mindre parkeringskapasitet rundt Talgø i år, derfor oppfordrar vi todalingane til å finne fram sykkelen når dei skal på Bordholmen i morgon, seier Nils Ove Bruset i idrettslaget.
Les heile saka
Vi har publisert mykje om det som skal skje på Todalsdagen 2018 – du har kunna lese om det her på Todalen.no, men også i andre media. No når alle brikkar er komne på plass, kan vi presentere detaljprogrammet for dagen og seie at slik blir det. Alt kl 9.00 er mannskapet på plass og 9.30 går dei første fotballkampane av stabelen. Programmet som er laga er lokalt delt ut i postkassane, men i tillegg finn du ein digital versjon her på Todalen.no, som du også kan bla i og finne oppdatert info.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag arrangerer tur til Frøya 25. – 26. juli. Det blir avgang frå Skei kl 0900 og med retur neste ettermiddag. Stenberg køyrer! Overnatting på Hotell Frøya med lunsj ved ankomst, 3-retters festmiddag, frukost og lunsj dag 2.
Les heile saka
Den gode dugnadsånda kjem godt med i disse Todalsdagtider. Førebuingane til Todalsdagen foregår på mange frontar, torsdag kveld var det dugnad i ungdomshuset for å lage grillspyd til Todalsdagen. Tidlegare denne veka var det dugnad på baneanlegget og fredag kveld er det igjen dugnad for å få alt på plass til Todalsdagen startar på morgonkvisten laurdag morgon.
Les heile saka
I går måtte den gamle Nilsstuløa gi seg for overmakta, og med god hjelp av Per Gjeldnes maskin vart den gamle løa jamna med jorda. Den gamle og innhaldsrike løa var nok sentral i gardsdrifta i gamledagar, med både treskeverk, kvern og mykje anna utstyr. men no vart den innhenta av tidens tann, og det var eit stort behov for vedlikehald som meldte seg, fortel Gudmund Husby som var eigar av den gamle løa.
Les heile saka
I fjor var det Erik Kårvatn som hadde beste tid på Ræta Opp. I år er Erik bortreist på ferie, så det store spørsmålet blir om kven som skal vinne kampen om å kome først i mål? – Knut Bergli og Ingvild Kårvatn er meir opptekne av at flest mulig skal bli med starte i mosjonsløpet Ræta Opp.
Les heile saka
Da er også lagoppsettet for dei minste klassene klassene på Todalsdagen klare. Dei aller minste spelar 3’er fotball, medan dei litt eldre spelar 5’er. Oppdatert versjon fra fredag 29.6 kl 14.
Les heile saka
Har du mistanke om at du hører dårleg på ei eller begge ørene dine så er det kanskje lurt å teste hørselen din. Dersom du har litt vanskeleg for å fange opp kva som blir sagt og må spørre opp igjen ofte, så kan de være ein liten hørselskade som det kan lønne seg å gjera noko med. Det får du sjansen til under Todalsdagen, for da kjem Hørselhemmas forening i Surnadal hit med testvogna si, og blir ståande på Bordholmen frå kl 10 til kl 15
Les heile saka