I morgon held Slettneset Steinovnsbakeri open kafe igjen. Her blir det mulegheiter til å kjøpe seg ein kaffekopp og nystekt hvetebakst i fine omgivelsar, ute eller inne.
Les heile saka
I morgon held Slettneset Steinovnsbakeri open kafe igjen. Her blir det mulegheiter til å kjøpe seg ein kaffekopp og nystekt hvetebakst i fine omgivelsar, ute eller inne.
Les heile sakaEtter at laksefisket starta 15. juni har det vore variabelt fiske, med 3-4 lakser de par første dagene og deretter har det vore både for lita og for stor vassføring. Etter at siste regnvêret ga seg har vassføringa gått ned frå rundt 30 m3/sek til rundt 10 m3/sek i dag. Det blir rekna for å være fin fiskarelv, og etter at sola har varma litt er også temperaturen på plass. Sjølv om ikkje laksebørsen er oppdatert veit vi at det i dag vart landa ein laks på 9 kg i Romåhølen.
Les heile sakaI går kveld var den trsdisjonelle sjøfiskekvelden gjennomført på Nordvik. Gøran Bolme i Surnadal Jeger og fiskeforening har sendt oss ein statusrapport.
Les heile sakaEtter fleire år på Byåsen i Trondheim har Inga Husby (23) og sambuaren Markus Andersen (24) no bestemt seg for å busetje seg i Todalen til hausten. Med seg på flyttelasset har dei i tillegg vesle Anea som så vidt har passert 4 månader. Sist helg ordna det seg med husvære,da dei fekk ja på langtidsleie av Skortin.
Les heile sakaAmfi Kreativ har no tre ledige stillingar til si avdeling i Surnadal. Amfi Kreativ er Olav Thon Gruppa sitt in-house reklamebyrå. Dei betjener kunder i fleire bransjer innenfor konsernet og leverer alt fra enkeltstående ekspressoppdrag til større kampanjar og totalkonsept.
Les heile sakaMed juli som minner meir om november, leverer vi førre månads blinkskot. Her var det mykje fint å velja mellom, kven likte du best?
Les heile sakaSurnadal Jeger og fisk inviterer som tidlegare år alle barn med foreldre til ein kveld med sjøfiske på Nordvik førstkommande fredag. Alle vil få god hjelp frå gode hjelparar i Surnadal JFF, slik at flest mulig av ungane skal få prøve sjøfiskelykka.
Les heile sakaFylkesmannen i Møre og Romsdal sender i desse dagar ut eit framlegg til grenseendring på 2,5 dekar i Todalsøran naturreservat i Surnadal kommune. Dei viser blant anna til eit folkemøte som vart halde i Todalen 2. oktober 2017.
Les heile sakaI dag er det langt mellom hesjene, men jammen finns det sorten enno. Gudmund Kvendset som er kårkall i Viastua har dei siste par dagane jobba med å sett opp ei hesje, og har i dag hengt ho full med gras til tørk. Høyvêret er det så som så med, men yr.no melder likare vêr frå komande helg, så vi får leve i håpet. Kanskje det går an å kutte ut stillongsen og da? I dag tidleg var det 6,5 på den ein og 7,0 grader på den andre gradstokken her – det kjentes ut som det var den på 6,5 grader som var rett. Nysnø i fjella var det og!
Les heile sakaMed eit heller labert pensjonsoppgjer attom oss, er Norges Pensjonistforbund svert interessert i å få fleire medlemar. Eit stort forbund gjev pensjonistleiarane meir tyngde i drøftingane med regjeringa om vilkåra for pensjonistane. Eit sentralt ynskje er å få forhandlingar omtrent slik landbruket har det. – I heile landet er det om lag 900 000 pensjonistar, der ca. ein firedel av desse er medlemmer i Norges Pensjonistforbund.
Les heile sakaNorsk Vandrefestival blir i år arranger helga 16. og 17. august, og vil ha base i Svinviks arboret. Tysdag presenterte styret med sin nye leiar Tom Godtland årets program for lokalpressa. Tom Godtland var ydmyk og omtala vandrefestivalen som avtroppande Ragnhild Tunheims baby, og fortalte at styret har videreført det arbeidet som Ragnhild og det gamle styret hadde starta. – Vi har samla trådane, korordinert og samarbeidet med aktørane slik at vi har fått eit robust program for årets festival. Vi har og tenkt litt nytt for framtidige arrangement, der det tidlegare er beslutta at vi skal ha stort og lite arrangement annakvart år.
Les heile sakaPasskiosken er komen i funksjon igjen, melder Surnadal lensmannskontor. Lensmannskontoret er ope kvar dag denne veka og heile neste veke for passbestilling, og langope tysdag 9. juli til kl. 17.