Det er Rune Hannem som seier det – no er det berre Nordmørspols etter Todalstradisjon som er att, og alle dei andre variantane er borte. Derfor inviterte Rune Hannem og kona Jorun seg til Todalen for å arrangøre Polsdanskurs. Søndag kveld var det rundt 20 deltakarar som svinga seg til takter frå Torgeir Leivdal som trakterte fela i gymnastikksalen i bygningane til Todalen skule.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert kjøttpølse med potetball, gulrot, kålrot , poteter og løkfeite.
Les heile saka
Måndag 20. oktober klokka 11:00 inviterer Todale sanitetsforening til ny Kløvertur. Turmålet blir bestemt ved oppmøte. Oppmøte på Matkroken Todalen klokka 11:00.
Les heile saka
Laurdag var det nasjonal handledag i regi av Distriktssentret. Distriktssentret jobbar med lokale sistebutikkar, og hjelper sistebutikkar til å halde stand i bygdesamfunn som elles ville ha problem. Distriktssentret er ein kanal for å fordele støtte til nærbutikkane med tanke på oppgradering av butikkar og støtte til drift. Ein gong i året arrangerer dei lokal handledag for å sette fokus på kor viktig nærbutikkane er for livet på bygda og for at folk skal trivast.
Les heile saka
Torkjel Ansnes Moe tok sigeren i september med Krokvatnet. Klikk inn og finn ut korleis du kan bli bygdas neste naturpaparazzi.
Les heile saka
Norske filmar skapar høg temperatur på Surnadal kino for tida, og det vil bli varmare og varmare. Det er framleis muleg å få med seg Affeksjonsverdi, Blücher og One battle after another. Men ein må kaste seg rundt om ein vil sjå desse, kvar på sitt vis, gode filmane.
Les heile saka
Denne veka deltek Talgø MøreTre på Bygg Reis Deg 2025 i Nova Spektrum på Lillestrøm. BRD er det store samlingspunktet i byggebransjen, og samlar over 400 utstillarar frå både inn- og utland.
Les heile saka
Torsdag 23. oktober frå klokka 18:00 er det klart for Todalen sanitetsforening sin årlege basar i Sanitetshuset. Fredag har Toodalen sanitetsforening førehandssal av lodd på Matkroken Todalen fram til klokka 17:30.
Les heile saka
I deg torsdag, er det refleksens dag. Bli sett – bruk refleks, det reddar liv er hovudbodskapen denne dagen. Vi har no kome til den mørke tida av året, og det er viktig at alle som ferdast etter vegane, uansett om ein syklar, spring/joggar eller går brukar refleks slik at ein blir sett av dei køyrande!
Les heile saka
Over heile landet blir laurdag 18. oktober feira som årets lokale handledag. Matkroken Todalen er ikkje noko unnatak, og byr på gratis kaffe i Kaffekroken denne dagen – i tillegg bys det på bakels og graut og ikkje minst ei stor marsipankake frå Coop, seier Jorid H. Ansnes som er butikksjef på Matkroken Todalen.
Les heile saka
Todalen sokneråd stod som arrangør, saman med Prosjekt 17-koret, da det vart markert at nynorsk salmebok i år kan feire 100-årsjubileum. Todalen kyrkje var den første kyrkja her i området som tok i bruk Nynorsk salmebok, så det var nok på sin plass at ein var først ute med jubileum.
Les heile saka
Ein trimmar i Toåa tursti fann ein ein død elg i Toåa, like ved turstien som går gjennom Slåttøya. Ståle Ansnes stilte med traktor for å få elgen på land, slik at den kan graves ned. Elgen har nok reist med elva som var flaumstor laurdags kveld – vassføringa var over nivå for 5-årsflaum. På topp var målinga ved Storfossen i 2-tida den natta.
Les heile saka