Sunndal Mållag feirar i år 100 år og ønskjer å markere dette med å gje nordmøringane ei litterær og musikalsk førjulsoppleving. Edvard Hoem og dottera Ine kjem til Sunndal kulturhus den 17. desember kl. 19:00 og held ein heilt spesiell julekonsert.
Les heile saka
Den siste veka har det pågått arbeid med ny vasskjelde for Skrøåa vasslag i Ørsalbukta. Dei har tidlegare henta vatn frå bekken som renn forbi Utigarden Ørsal, der flaumvatn/overflatevatn har vore ei utfordring kvalitetsmessig. No er nytt inntak på gang, og da blir vatnet henta frå Krokann, der det har vore grunnboring for nokre år sia og er ei kjelde med prima kvalitet.
Les heile saka
Nordvik grendalag inviterer søndag 10. november til balldag i forsamlingshuset. Her blir det servering av ball med tilbehør frå kl. 15:00 og utover denne dagen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. desember i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
I Sæterlia «snør» det jamnt og trutt om dagen. No gjeld det å nytte kuldegradane for å produsere ein såle med kunstsnø i alpinbakken, slik at ein har noko å slite på utover vinteren. meteorologane lover iallfall ein kald vêrtype til tysdag eller onsdag så her blir det nok snøproduksjon gjennom heile helga. Men ut i neste veke er det fare for mildvêr igjen med søraustleg vindretning ifølge yr.no
Les heile saka
På Hageland opna dei «julebutikken» i dag. Alle julevarer er på plass i butikken og opningsdagen blir markert i alle Hageland på denne dagen. – Aldri har vi vel hatt så flott juleutstilling og så mykje julevarer på plass i butikken som vi har i år, seier May Britt Dyrli. Dette markerer vi på opningsdagen, og fram til og med laurdag, med 30 % rabatt på alle julevarer.
Les heile saka
Svein Volle med det fine bilete fra Nordvik vant månadens bilete, og sikra seg ein av dei siste plassane i kampen om å bli årets bilete på Todalen.no
Les heile saka
Måndag gjennomføres den årlege markeringa av nordisk litteraturveke. Dette er eit samarbeid mellom biblioteket, skulen og FAU. På biblioteket vil det bli vist fram nye bøker frå tilveksten siste år. Dette er ein fin kveld for å møtest, snakke, lese og bli kjent med tilbodet på biblioteket, fortel rektor Britt Mossing.
Les heile saka
Det blir i morgon, onsdag gjort forsøk på å starte opp med volleyballtrening i gymsalen. Møt opp klokka 19.30, og børst støvet av gamle kunstner, helsar volleyballavdelinga i Todalen IL
Medlemmane i Start 4H intensiverer no klubbaktiviteten fram mot årets haustfest laurdag 16. november. I går kveld var gjengen samla i Skulstuå, og planlegging av program og alt som høyrer til ein haustfest til, vart gjennomgått.
Les heile saka
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening melder at det blir middag for folk i bygda igjen. Middagen blir i Sanitetshuset tysdag 12. november kl. 14.00.
Les heile saka
Jaktskyttarutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening ønsker alle nye og gamle medlemmer velkommen til innendørs trening på Angråmyra kvar tirsdag kl 18.00.
Les heile saka