Det er ei uverkeleg tid, der alt er snudd opp ned. Eg forstår at mange kan vere både usikre og redde, men det har vore ei utruleg mobilisering for at vi «skal stå han av», skriv ordførar Margrete Svinvik i eit leserinnlegg i dag.
Les heile saka
Det er ei uverkeleg tid, der alt er snudd opp ned. Eg forstår at mange kan vere både usikre og redde, men det har vore ei utruleg mobilisering for at vi «skal stå han av», skriv ordførar Margrete Svinvik i eit leserinnlegg i dag.
Les heile sakaSvorka melder om at arbeid i breibandsnettet vil føre til brudd på TV- og breibandsleveransen i 20-30 minutt søndag frå kl 10:00 og utover. Selskapet beklager ulemper som dette medfører!
Myndigheita oppfordrar folk som er friske eller i karantene til å kome seg ut for å få frisk luft og mosjon. Det må imidlertid skje på ein trygg måte, der du held avstand til andre til minimum eit par meter. Våre bilder er frå Kårvatn i dag, der det eigentleg skulle vore full trøkk med Norgescup og greier
Les heile sakaDet er bestemt at alle kyrkjelege konfirmasjonar i kommunen blir utsette til over sommaren. Etter råd frå biskopen er det ikkje sett nye datoar for når det blir konfirmasjonsgudstenester i dei ulike sokna.
Les heile sakaVi har fått dagens ferske statusrapport frå kommuneleiinga i Surnadal kommune. Førebels er det ingen smitte påvist i Surnadal kommune, men det tas høgde for at det kan kome og vi kan lese at kommuneoverlege Bjørn Buan vurderer smittesituasjonen fortløpande med tanke på justering av tiltak
Les heile sakaFor 2-3 dagar sia vart ein grevling påkøyrt ved Drivhammaren. Grevlingen fekk nok ein skikkeleg smell og døde nok raskt. Etterpå har grevlingen ligget på «lit de parade» på vegkanten i fleire dagar – ingen har brydd seg med å ta kontakt med ansvarleg myndigheit for at dyret kunne bli fjerna.
Les heile sakaEit skikkeleg vårteikn er det nok i seg sjølv at vi er komne fram til vårjamdøgn for 2020. Det betyr at det er det døgnet når natta og dagen er like lang – og det er den faktisk over heile verda. Vanlegvis er vårjamdøgn den 21. mars, men i år er det i dag den 20. mars og det nøyaktige tidspunktet er kl. 03:50 UTC.
Les heile sakaSkriftstyret i Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift nr 19 er godt i gang. Fleire artiklar er i boks, og andre er under arbeid.
Les heile sakaVi fekk kjapt respons på dagens lekseutfordring som var lagt ut til dei i 5. -7. klasse. Det ser ut som dei fleste som sendte oss eit bilde har det triveleg på sine nye «arbeidsplassar». Elevane har oppmøte på datamaskinene sine klokka 9 kvar morgon. Da er det opprop av lærar, og dagens oppgåver blir gjeve.
Les heile sakaSurnadal kommune har fortsatt ingen med påvist korona-smitte, noko vi sjølsagt er glade for. Det er gjennomført ein del prøvar i løpet av veka, men alle prøvane har vore negative. Og situasjonen er slik sett uendra frå i går. Vi elles svært glade for responsen på den invitasjonen vi gjekk ut med på heimesida vår i går, der vi søkte etter helsepersonell. Nærare 30 personar meldt seg sidan i går kveld, noko vi er svært takksame for, skriv kommunaldirektør Knut Haugen i ei presseorientering.
Les heile sakaKirkens Nødhjelp har avlyst årets bøssebæringsaksjon for Fasteaksjonen den 31.03 for å hindre korona – smitte. Årets Fasteaksjon blir digital og er viktigere enn noensinne skriver Gro Hauge Venås som aksjonsansvarlig for Fasteaksjonen i kirken i Surnadal og Rindal.
Les heile sakaI dag hadde vi lyst til å gi ei ekstra heimelekse til alle elevane som må tilbringe skuledagane heime i lag med søsken, mor eller far. Vi har derfor fått Marit Lediard til å legge inn dette som ein av oppgavene for dagen for elevane i 5. til 7. klasse i Todalen. Vi ønsker nemleg å få tilsendt eit bilde frå der elevane no sitt og arbeider, slik at vi kan laga ei sak på det her hos oss.
Les heile saka