Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

FOTBALL: Søya/Todalen J9/10 – Sunndal J10

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. august 2020

Torsdag kveld var det kamp mellom Søya/Todalen J9/10 – Sunndal J10 på Søyabanen. Dette er eit samarbeidslag som spelar 5-er fotball. Kampen var jamspelt, men bortelaget var meir effektive framføre mål og avgjorde difor kampen til sin fordel. Natalie Astrid Brusethaug scora heimelaget sitt mål etter ein innøvd corner.

Trenar Jens Nervik fortel at dette er 3 kampen denne sesongen. Han legg vidare til at han ser stor framgang for laget spelemessig sidan første kampen. Det var mykje bra spel og spelarane sine prestasjonar og samhandling blir betre og betre for kvar kamp. Så no står det berre att at laget begynner å omsette sjansane i scoringar, så blir dette verkeleg bra.

Takk til Anton Brusethaug for bilete og Jens Nervik for info om kampen.

Frå kampen Søya/Todalen J9/10 – Sunndal J10

Frå kampen Søya/Todalen J9/10 – Sunndal J10

Frå kampen Søya/Todalen J9/10 – Sunndal J10

 

Publisert: 28. august 2020, 05:00