Vi har vore heldige tross alt, seier dagleg leiar og gründer Bjørn Melby som opplevde brann i fabrikklokala på Talgø-bedrifta Melby Snekkerverksted i Eide. Det er ein del skade på fabrikkbygninga det overflatebehandling og pakking går føre seg – men skadene er mindre enn ein først trudde, seier Melby
Les heile saka
Alt er no klart til Todalen historielag og Stangvik historielag sin busstur til Surnadal, Rindal og Meldal i morgon. Det blir mellom anna besøk på skimuseet i Rindal og middag på Bolme pensjonat på returen frå Meldal. Det blir meldt om at det framleis er nokre få ledige plassar, om nokon, på kort varsel, vil vere med? Ta da eventuelt kontakt med John Moe på telefon 920 48 854 snarast!
Les heile saka
Dei siste par dagane har det pågått grøftrens på Ansnesvegen – frå Todalsøra og utover til Ansnessaga og Ansneset etter kommunevegen. Det er Lars Arne Bøe frå Mesta i Surnadal som er leid inn av Surnadal kommune for å gjera denne jobben.
Les heile saka
I dag tok Todalen og Stangvik oppvekstsenter, som til vanleg er lokalisert på Evenshaugen, turen til Todalen for å ha aktivitetsdag på Bordholmen stadion. Her var det mange gjennomført mange forskjellege aktivitetar dei knappe fire timane dei hadde til rådigheit.
Les heile saka
Det var litt «ståhei» på havna på Todalsøra fredag morgon – ein kranbil sørga for å løfte opp flytebrygga på Nerbu slik at flyteigenskapane kunne justeres. Landgangen som går inn på terrassen på Nerbu var i utangspuntet litt for tung og pressa dermed ned brygga
Les heile saka
Torsdag kveld braut det ut brann i lakkanlegget på Melby Snekkerverksted på Eide. Brannmannskapa fekk etter kvart kontroll over brannen som gjorde stor skade på lakkanlegget, men alle tilsette kom seg ut og ingen skal være skadd, melder Talgø.
Les heile saka
Helga 24. – 26. juni, altså neste helg, inviterer Surnadal elveigarlag og Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til Camp Villaks 2022. Camp Villaks er for fiskeinteresserte ungdommar i aldersgruppa 14 – 18 år.
Les heile saka
Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli på Bordholmen stadion, nærmar seg. I tradisjon tru, har Todalen IL også i år SUPERLOTTERI i samband med Todalsdagen. Førehandssalet av lodd tek til i morgon på Matkroken Todalen frå klokka 10:00
Les heile saka
Det var ikke noe innbydende syn for stavgang i morgentimene i dag med tykk skodde og regn i lufta. Men etter hvert vart det bedring i sikte, skodda forsvant, og solen tittet også fram. Regnkledene vart igjen i bilene, og da vi gjekk 2 runder rundt Igltjønna var det oppholdsvær med litt sol.
Les heile saka
Tysdag 21. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til Vindøldalstur. Da går nemleg Fjellgruppa sin vekentlege tur til Vindøldalen. Oppmøte på parkeingsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring oppover.
Les heile saka
Onsdag kveld var det i Svinviks arboret det skjedde – Jörg Brünke opna fotoutstilling i den gamle billettbua i arboretet – samtidig heldt Jo Sverre Sande konsert i hagen på arboretet. Vi kan vel også legge til at no er blomstringa i hagen på arboretet på sitt prektigaste. Iallfall fekk vi som var der full pott med kultur og trivsel denne kvelden.
Les heile saka
Talgø Tradbo er et norsk tømrerfirma med dyktige fagfolk, sentral godkjenning og snart 40 års erfaring med rehabilitering og nybygg. Nå er vi på utkikk etter en drivende dyktig og målrettet daglig leder som kan ta Talgø Tradbo til nye høyder
Les heile saka