Første mai er det klart for Stikk UT! sommar. I Surnadal er det 13 turmål i år, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med i turopplegget.
Les heile saka
Første mai er det klart for Stikk UT! sommar. I Surnadal er det 13 turmål i år, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med i turopplegget.
Les heile sakaAR Sjømat AS frå Kristiansund vil måndag 29. april, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk.
Les heile sakaTorsdag kveld var det årsmøte i Todalen Elveeigarlag. 13 grunneigarar møtte, 3 av dei digitalt i flotte møteromsfasiliteter på Gammelfabrikken. Leiar Stig Husby var møteleder – Stig orienterte i si årsmelding om eit svært aktivt arbeidsår for styret i laget, med mange styremøter og arbeidsmøter, og mange dugnadstimer lagt ned både for styret og grunneigarar.
Les heile sakaI kveld var det årsmøte i Todalen bøgdalag, og knappe 10 medlemmer møtte opp. Årsmeldinga viste at aktiviteten i året som har gått har vore på det jamne, med ryddedugnad, pynting av julegate, litt el-sykkelutleige og behandling av aktuelle saker isom er viktige for Todalen.
Les heile sakaJon Ola Romundstad og Bjørn Sæterbø har den siste tida snekra saman 2 messesutstillingar som dei har montert den siste veka – den eine i Exporama på Hellerud og den andre på Nova Spektrum – tidlegare Norges Varemesser. Dei to er internsnekkarar hos Talgø, Jon Ola Romundstad er påtroppande og ny i gamet og Bjørn Sæterbø er avtroppande og egentleg nybakt pensjonist.
Les heile sakaFørstkomande fredag, 26. april, blir det salg av maiblomster og lodd ved Matkroken i tidsrommet 10:30 – 16:30.
Les heile sakaSurnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) arrangerte for første gong jakt- og fiskeskule i 2023. Dei gjentek suksessen frå i fjor, og har i år i tillegg teke med noko, samstundes som innhaldet er betra. Jakt- og fiskeskule (JOFS) er eit fritidstilbod for barn- og ungdom. Tilbodet består av fleire forskjellege aktivitetar som skal bidra til å skape eit levande lokalt miljø.
Les heile sakaStyret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir enkel servering.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterte til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. april. Da Elinor Bolme ønskte vel møtt, var aulaen på Surnadal vidaregåande skule rett og slett stappfull! Dette var heilt klart eit tema som engasjerer og er av stor interesse.
Les heile sakaPå Gammelfabrikken i Brusetmarka trefte vi 3 damer som var på utplassering. Dei tre går i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, og denne veka er dei altså på utplassering på Talgø. I dag var dei altså på jobb på Gammelfabrikken i lag med Anita Talgø. – I dag var jobben å rydde opp i den gamle soveromsavdelinga og flytte over til den nye historiske avdelinga som er under arbeid.
Les heile sakaSøndag 28. april klokka 16 lagar Koret Prosjekt 17, gruppa triOpera, Turid Røen Kroknes og fleire Vårsongfest på Bøfjorden Grendahus. Og her skal songen – ikkje minst allsongen – stå i taket! – Det er ei kulturell kjernesak dei bokstaveleg slår til lyd for – å halde songen høgt! Mange tykkjer at skulen og samfunnet har svikta her. Men folk vil jo synge – og kan jo synge!
Les heile sakaKløverturen 15. april gjekk etter Gammelvegen, og den 22. april var det tur frå Bruset med rundtur om Fosstrøinn og Hengebrua. Og båe måndagane var det sol og godver.
Les heile saka