Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps- og helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i […]
Les heile saka
Tysdag ettermiddag og kveld samla årets konfirmantar, sokneråda og andre frivillige inn pengar til den årlege «Fasteaksjonen». I Surnadal kommune vart det til saman samla inn 99.976, -. Dette gjev reint vatn til rundt firehundre menneske.
Les heile saka
Skigruppa i Idrettslaget Søya inviterer til turrenn i Strengentraséen søndag 2. april med start i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 12:00. Turrennet startar frå Vang Skiarena og går i variert terreng. Ein kan velje å gå til Øygardshalsen eller videre oppover mot Haukarberget, Langvatnet, Klåberget eller til toppen av Strengen. Det er ikkje tidtaking, så ein snur når ein sjølv måtte ønske.
Les heile saka
Surnadal bibliotek og Surnadal Frivilligsentral til påskeverkstad i Frivilligsentralens sine lokaler på Skei måndag 3. april klokka 12:00. Påskeverkstaden vil halde på fram til rundt 15:00, så her er det mogleg å få laga litt påskepynt til påskehøgtida!
Les heile saka
Påska nærmar seg med stormskritt, og dette fører sjølvsakt til at Surnadal kulturhus og Surnadal bibliotek får litt endra opningstider påskeveka og sjølve påskehøgtida.
Les heile saka
Jammen kom det ikkje eit par lam litt i forkant av lammingstida – det var nok eit bekkerlam som lura seg frampå, og det skjedde nok heilt på tampen av beitesesongen smiler Ola og løftar opp ein av dei to nykomlingane. Ola er glad i dyr, og gler seg til lammingssesongen kjem i gang for fullt om eit par veker. Med eit trettitals lamsauer blir det nok liv i leiren etter kvart.
Les heile saka
Onsdag kveld var det årsmøte i Todalen.no. Med grei økonomi og eit lite overskudd på knappe 40 tusen vart både regskap og årsmelding fort unnagjort. Etter pandemien er Todalen.no attende til «normal drift», der nettsida har hatt omtren 455.ooo besøkande i løpet av 2022 – det er tal som har gått oppover heile tida, men ser kanskje ut til å nå ei metning etter kvart. 95% av besøkande kjem frå Noreg, medan USA, Sverige og Tyskland står for flest besøk frå utlandet.
Les heile saka
Todalshytta åpner opp for matservering og påskekos i påskehelga. Da byr hytta på både god mat og drikke, samt trivelige stunder både i restaranten og i peisestua etter maten. Bla videre som finner du både åpningstider og påskemenyen i vår restaurant.
Les heile saka
Stangvik historielag og Todalen historielag har no i fleire år hatt samarbeid om å arrangere busstur til ein eller annan plass der dei kan sjå og høyre om lokal historie. I fjor gjekk turen til Rindal der hovud- posten var besøk på ski museet.
Les heile saka
Wenche Kvendset har vore med i styret til Todalen historielag sidan starten i 2002. Ho har vore skrivar og vore med i skriftstyret i alle år. På årsmøtet i Ungdomshuset 28. mars fekk ho stor og velfortent takk for innsatsen frå leiar John Moe.
Les heile saka
Laurdag 1. april gjentek Stangvik Grendalag suksessen og inviterer til «Påskepub» i Bryå i første etasje i Bondehuset klokka 18:00, og dette er absolutt ingen aprilspøk!
Les heile saka
Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskottsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, og søknadsfristane for desse. Dei ber også om å få forslag på kandidatar til «Kleivaprisen», som blir delt ut under «Kleivakvelden» på Kleiva i samband med Vårsøghelga.
Les heile saka