Denne veka har Talgø samla troppane til salgsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Etter ein sommar med veldig bra omsetning var det ein optimistisk gjeng som var samla. Talgø-bedriften T-komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk har hittil i år ei samla auke på heile 27%. Det tegnar til å bli ei bra fortsetting utover hausten også, seier konsernsjef Terje Talgø til Todalen.no.
Les heile saka
Årets Søyacup er i år satt til 21.august på Søyabanen. I følge lagets nettside er det i år rekordpåmelding med over 50 lag.
Les heile saka
Prisen for månadens bilete for juli går til Sondre Halset, med biletet «Ferieplass». Også denne gongen var det jevnt, og kun seks stemmer skilte dei tre bileta mest mest stemmer.
Les heile saka
Førstkommande søndag blir det åpning av «Fjellvisaren» som er oppsett på Strengen. Dette melder IL Søya på sin nettside .
Les heile saka
I kveld hadde det lokale brannmannskapet brannøving i Pestua. Denne gongen vart det sett fyr på det gamle sanitæranlegget frå Todalshytta. Som vanleg hadde dei full kontroll på både påtenninga og sløkkinga.
Les heile saka
Start 4H skal i helga arrangere Overnattingstur til Vorpnesset som vart avlyst tidlegare i sommar pga. ekstremt mykje nedbør. Vi samlast laurdag 14. August på kveldstid rundt 18:00 og overnattar til søndag. Aktivitetar ut på kvelden går ut på kva ein sjølv finn på. Fisking, bading, grilling eller gjere noe anna på land.
Les heile saka
No i kveld var rundt 100 personar oppmøtt i Svinviks Arboret for å oververa framsyning av klede frå Edel Design. Eit merke som står for rå eleganse i reine naturmaterialar – nydelege, kortreiste klede skapt i Norge av designer Edel Urstad.
Les heile saka
Som nemt tidlegare vart bestillingsverket laga av kunstnar Ole Mauset, avduka utanfor butikken på Kårvatn i dag. Ole Mauset var sjølv tilstades, og overlet lett avdukinga til Kristin Krohn Devold som tidlegare hadde takka ja til oppdraget.
Les heile saka
Da er den andre i rekkja av Norsk Vandrefestival opna. På Kårvatn er det i dag full skuv, med ulike aktivitetar etter behov.
Den offesielle opninga gjekk føre seg ved Nauståfossen, med Kristin Krohn Devold som åpnar. Ellers var både orførarane frå Halsa, Rindal og varaordføraren frå Surnadal tilstades for å kaste glans over markeringa. Kattsmygarlaget frå Tingvoll hadde og eit innslag undervegs.
Mykje bilete frå dagens aktivitetar er med i saka.
Les heile saka
Måndag kveld var det full aktivitet på Kårvatn, med montering av telt og klargjering til startskuddet på Norsk Vandrefestival tirsdag. Tirsdag klokken 14.00 er det offisiell åpning ved Nauståfossen, og utover ettermiddagen er det matsalg, aktivitetar for barn og unge, seminar, kurs i polsdans og festivalkveld med heilstekt gris, levande musikk og dans. Arrangementa er åpne og betalinga skjer på stedet. For fullstendig program for dagen, sjå flyer frå Norsk Vandrefestival.
Både Ståle Ansnes ved Todalen samdrift og Gudmund K. Kvendset i Viastua er godt nøgd med avlinga i andreslåtten, som no er i full gang. Graset har kome for fullt dei siste dagane, og for å nytte det godværet har slåttaarbeidet pågått heile helga og fortsett denne veka. Todalen.no tok ein runde kveldsrunde rundt bygda for å sjå på aktiviteten.
Les heile saka
Kvar søndags ettermiddag arrangerer Nordvik Grendalag sykkeltrim. Då er sykkel og trim interesserte samla for ei felles økt med naturleg nok sykling og kaffelag etterpå. Her er det ikkje krav om hverken kondis eller topp utstyr, då det sosiale tel vel så mykje. Likevel er det eit sikkert tegn også i Todalen og at det er sykling på Nordvik, då det stort sett kvar gong er ein hale av spreke tilårskomne karar som hastar rundt bygda i full fart.
Les heile saka