Måndag 13. oktober klokka 19:00 kjem Arild Stavrum til Surnadal bibliotek for å lansere sin nye roman «Ukyssede sko», ein drivande historisk roman om idrett, klasse, sjalusi og kjærleik! Vi inviterer til bokbad kor forfattaren blir intervjua av sin redaktør Kari Joynt.
Les heile saka
Etter ein hektisk sesong er det no på tide med ein open dag på hytta der vi vil presentere haustens nyheiter på Ala carte-menyen i restauranten som er open frå 15:00 til 19:00. Vi har faktisk fått mykje positive tilbakemeldingar og gler oss til å ta deg med på ein kulinarisk dag i restauranten, seier Arve Evensen som saman med kona Cristy er vertskap på Todalshytta.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening arrangerer basar torsdag 23. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.
Les heile saka
Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, i samarbeid med Hammerstuene og Martha Torvik, inviterer i år til gratis og rusfri lågterskeljulefeiring for absolutt alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene onsdag 24. desember klokka 13:00 – 15:00.
Les heile saka
Todalen historielag inviterer laurdag 22. november klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Nordmøres store spelemann Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875.
Les heile saka
Ordførar Hugo Pedersen åtvara mot at folk sjølve skal starte rydding av trefall etter stormen «Amy» som herja i helga. I dag starta ryddearbeidet i stranda utafor Todalshaugen med mannskap frå Veidekke og Svorka som var forsterka med gravemaskin med tømmerklo og hogstmaskin/lastbærar med Lars Bjarne Mauset attafor spakane.
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Det er begrensa kapasitet for tungtransport inntil vidare, melder Fjord 1 tysdag 7. oktober klokka 8:30. Alt kl 9:00 meldes det om normal drift i sambandet!
Stormen «Amy» herja i Todalen første helga i oktober. Men måndag 6. oktober var det stilt og godt turver.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, får vi ei oppsummering av uvêret Amy sett frå Svorka sin ståstad. Det har utan tvil vore ei travel helg både for Svorka og S-Nett, men alle har stått på for at vi skal få att straumen. Det er berre å rette ein stor takk til både Svorka og S-Nett for jobben dei har gjort med straumnettet i helga! No ventar eit stort og omfattande arbeid med å reparere straumnettet etter Amy sine herjingar. Pressemeldinga les ein nedanfor:
Les heile saka
I samband med «Friluftlivets år», inviterer «Treffastgjengen» på Surnadal frivilligsentral fredag 10. oktober klokka 12:00 – 14:00 alle til felles fottur til «Treffasthytta» i Skeisnebba.
Les heile saka
Utruleg sterk start på filmhausten på Surnadal kino, og no er filmklubben også i gang igjen. For å ta den eldste filmen først, nemleg den filmklubben viser onsdag 8. oktober klokka 12:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med tur!
Les heile saka