Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 24. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert fiskekaker med potet, råkost og løkfeite.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 20. september i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile saka
Det vart ein forsiktig start på sesongens første arrangement med «Bøt og bedring» i Skulstuå, men det vart likevel ein triveleg kveld med fyr på peisomnen og bøting av gamle klede og litt kortspell utover kvelden – og sjølvsagt vart det kveldsmat etterpå.
Les heile saka
Prosjekt 17-koret inviterte onsdag kveld til musikk- og songkveld i Todalen ungdomshus der alle inntektene uavkorta gjekk til eit brønnprosjekt i Gambia. I tillegg til Prosjekt 17-koret deltok gruppene Basarensemblet og Kvammeratene.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Kårvatn og Naustådalssetra, Vêrgudane varta opp med nok ein fin haustdag, så det vart ein fin fjelltur fint haustvêr og fin natur.
Les heile saka
Det pågår i dag arbeid i Svinviktunellen, og dermed er det manuell dirigering av trafikken gjennom tunellen. Vær merksam på at det kan bli litt ventetid, slik at du har litt ekstra tid for å nå ferja eller tannlegetimen.
For nokre minutt sia hadde vi besøk av to blide ungdommar med innsamlingsbøsse for årets demensaksjon. Lars Ole Moen Betten og Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen representerer Surnadalsrussen, og går på dørene i Todalen. Dei starta utmed Ansneset, og har arbeidd seg rundt bygda, og dei er imponert over kor gavmilde folk er – her er det snakk om å «gje så det svir».
Les heile saka
Torsdag 18. september inviterer Surnadal demensforening og helselag til gratiskino i kinosalen på kulturhuset. Da vil dei vise filmen om da Stig fekk konstatert at han hadde alzheimer, til tross for at han berre var 50 år. Da bestemte han og lillebror John seg for å lage film om utviklinga av sjukdomen, sjølv om det vart nært og utfordrande. Dei to ville vise korleis sjukdomen kom til å utvikle seg, for å spreie kunnskap om kva alzheimer gjer med dei som får det.
Les heile saka
September 2025 har så langt vore ein solskinsmånad – sol og godt ver kvar dag. Ideelt turver!
Les heile saka
Torsdag 18. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadals til ein ny stavgangtur. Denne gongen går turen til Årnes.
Les heile saka
Sykkeltrimmen er ein iherdig gjeng som kvar måndagskveld samlast til fysisk aktivitet – sommars tid er det sykkeltrim og vinters tid er det styrke- og kondisjonstrening på TILs treningsstudio «Hett & Svett» i den gamle BP-stasjonen. I går kveld trefte vi gjengen da dei var ferdige med treninga, og da var det berre den sosiale […]
Les heile saka
Ikkje berre godt songmål, men ei flott mål-setting ligg bak onsdagens songkveld i Todalen Ungdomshus. Kor og visegrupper slår eit slag for «Todalsbrønnen» – og det i Gambia! Visegruppa Basarensemblet frå Kristiansund, trioen Kvameratene frå Molde og vertskoret Prosjekt 17 inviterer til allsongkonsert der inntekta går til eit ideelt prosjekt.
Les heile saka