Snart er det stavgangsesong i regi av Surnadal pensjonstlag. Men før dei ventar på sesongstarten er dei invitert kvar onsdag kl 1100 til Trudvang for litt opptrening under leiing av fysioterapeut. Etterpå blir det høve til å kjøpe både kaffe og bakels!
Les heile saka
Tysdag 27. februar blir det filmkveld i Ungdomshuset. Todalen historielag er arrangør, og Svein Åge Saksen viser film frå eit rikhaldig arkiv. Filmframsyninga startar kl. 19.30.
Les heile saka
Dei siste åra har det vore lagt stor vekt på at trim og bruk av naturen gir god helseeffekt og livskvalitet for folk. Dette har det faktisk vore lagt stor vekt på i Todalen også, mellom anna har trimgruppa i Todalen I.L. vore aktiv og har i mange år hatt fleire trimpostar som har vore populære og mykje bruka. Sist sommar rydda Elinor Bolme og Carsten Bohle ein sti langs elva Toåa, frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua. Dette skjedde i nært samarbeid med grunneigarane på strekninga.
Les heile saka
Todalen sokneråd har fått Vipps og det er no mogleg å gje både takkoffer og pengegåve til soknerådet med Vipps. Todalen sokneråd finn du enten ved søk i Vipps eller ved å bruke kode 506908.
Les heile saka
Måndag var vi på besøk i Nordvik forsamlingshus, der ein gjeng var i gang med hogstkurs. Første dagen var det teori, med opplæring i hogstteknikk og stell av motorsag. Dei to siste dagane bar det ut i skogen for å praktisere det dei har lært og for å øve inn den rette teknikken.
Les heile saka
Førstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile saka
Komande søndag, 25. februar, er det 2. søndag i fastetida. Da er det tillyst gudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Kristin Strand som liturg. Etter gudstenesta blir det årsmøte for Todalen sokn. Takkoffer til Kyrkjebladet.
Les heile saka
Første helga på mars står Todalen I.L. som arrangør av norgescup i randonée i Dalalia på Kårvatn. Heilt sidan 2010 har Todalen I.L. stått som arrangør av både uoffisielle og offisielle norgesmeisterskap og norgescup-renn, og står faktisk på terskelen til å få internasjonale arrangement, fortel rennleiar Nils Ove Bruset.
Les heile saka
Etter langt eit opphald med julehelg og «mørketid» er det på nytt tid for Kløverturar i regi av Sanitetsforeninga i Todalen. Måndag 19. februar gjekk tur nummer to i 2018 av stabelen.
Les heile saka
Da vi stakk innom Nordvik forsamlingshus i dag var det just ingen vinterferie. 5 kursdeltakarar og ein instruktør var samla rundt bordet, der dei mekka på kvar si motorsag. Dei 5 – var 4 menn og 1 dame, som jobba med skrujarn og skruvnøkkel for å lære det mest elementære med stell av motorsag. Viktig å halde utstyret i orden når ein skal drive med skogsarbeid, og all best er det å gjæra det sjølv, sa instruktør Ingebrigt Landsem.
Les heile saka
Måndag 19. februar er det ny Kløvertur. Da går turen frå Ungdomshuset og etter skogsvegen oppover Øyalia.
Les heile saka
Om Markus og Tor Asbjørn er inspirert av skogsdrifta i Halsetlia eller om dei har henta inspirasjonen frå anna hold, det veit ikkje vi. Men ambisjonane var i allfall på plass, og dei ga klart uttrykk for at det gikk mot ein travel vinterferie. Dei to driv si eiga skogsbedrift og stakk innom redaksjonen for å levere første bestilling. I staden for ein stor lasteberar, bruka dei eit gammelt akebrett som sikkert er mykje billigare i drift.
Les heile saka