Historielaget arbeider med eit jubileumsskrift for Todalen kyrkje som fyller 150 år i 2011. Det er interessert i alle bilder frå kyrkja og kyrkjelivet for bruk i jubileumsskriftet. Har du gamle bilde, så ber dei om at du tek kontakt med Ingri Bruset tlf 913 38 038 eller Ragnhild Ansnes Moe tlf 922 02 656 så snart som muleg (siste frist er 1. april). Dei oppfordrar til å sjå litt i gamle albumar, for det er utruleg kva som dukkar fram der. Det er aktuelt med både inn- og utebilder.
Torsdag 17. mars fra 18:00 til 19:30 blir det bokkveld på biblioteket, og alle oppfordres til å ta turen innom. Det blir servering av kaffe, saft og bakels i regi FAU.
Les heile saka
På føremiddagen i dag var det jamn trafikk av eit helikopter i nedre deler av Todalen. Det var firmaet e.on som i dag dreiv med forberdelsar til vidare vedlikehald av kraftlinja som går igjennom dalstrøket, Aurelinja, som den og heiter.
Les heile saka
Todalen.no har fått pressemelding frå IL Søya i etterkant av årsmøtet, då dei ikkje har fått på plass leiaren for idrettslaget enda. I den anledning kallar dei inn til ekstraordinært årsmøte den 31. mars.
Les heile saka
I ein e-post frå Skigruppa til Todalen.no står det: «Det minkar både på skiføret og oppmøtet i lysløypa, så skigruppa har bestemt seg for å avslutte barn i løypa for denne gongen. Det har vore ”barn i løypa” sju gonger denne vinteren og 43 barn har vore med. Vi oppfordrar likevel ikkje til å sette bort skia enda. Blir det fint føre igjen kan det hende vi prøver ein gong eller to til. Det blir basar med premieutdeling seinare på våren.»
Månadens bilete for februar blei Vinterkveld i Romådalen av Frode Grønmyr. Med 106 av 189 stemmer var det tydeleg at Romådalseter med stjerner i bakgrunnen var populært. Med det har vi også fått vår første dobbeltvinnar, som betyr at Frode både har krus for månadens bilete frå 2010 og 2011, noko vi antar har stor samlarverdi.
Les heile saka
Da er vi inne i årsmøte perioder for ulike lag og organisasjoner. I den anledning inviterer todalen.no alle sine medlemmer og andre interesserte til ungdomshuset tirsdag 15. mars kl 19.30. Dette er det aller første årsmøtet for oss, så vi håpar at mange «bit» på og tek seg ein tur.
Les heile saka
Jan Vidar Øyen går i vinter på Sogndal Folkehøgskule. I heile vinter er det friluftsliv som har vore den viktigaste posten på timeplana, og saman med dei tretti elevane på friluftslina har det vore både teori og praksis meir eller mindre på heltid. Og det passar godt for Jan Vidar, for han likar seg godt […]
Les heile saka
Siste helga i mars kommer Utleira G16 (fra Trondheim) på besøk til Surnadal. Etter at Søya/T/Kvass/U møtte Utleira i Flatås Julecup i desember ble kontakten opprettet, og det som startet med en mulig treningskamp i løpet av våren har utviklet seg til en liten ”turnering” – der også Surnadal G16 ble invitert til å bli med.
Les heile saka
Her viser vi ein unik bildeserie med flyfoto fra Nordvikstranda. Det er flyfoto fra 1963, da både Nordvik og Todalen var fotografert frå lufta. Studer bilda så vil du nok sjå at det er mykje som er forandra på 48 år. Det er kome nye hus, og gamle hus er borte, medan nytt boligfelt er kome og vegtraseen gjennom Nordvikgarden er endra og retta opp. Tilsaman er det 17 bilde som ligg i serien som du kan sjå i galleriet nedafor.
Les heile saka
Todalen historielag samla eit trettitals medlemar til årsmøtet i ungdomshuset torsdag kveld. Styret fekk applaus for årsmeldinga som la for dagen eit aktivt år i 2010. Laget har 171 betalande medlemar, og det dokumenterer vel stor interesse for bygdehistoria når det er rundt 330 innbyggjarar i bygda. Gjennom året har det vore mange arrangement og det er gjeve ut årsskrift som kom på seinhausten.
Les heile saka
Torsdag var det vedlikahald av Aura-linja som går over Kvennsetøran og vidare over fjellet til Ålvundeidet. I ei mast på Kvennsetøran var det ein montør frå Statnett som dreiv vedlikahald av ein isolator i ei av mastene. Og det var litt av ein luftig jobb. Forresten har vi også hørt rykter om at det er gjort observasjon av stare i bygda. Kanskje det er nokon som kan dokumentere det med eit bilde av årets første stare?
Les heile saka