Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endeleg badesesong

Endeleg badesesong

Elinor Bolme Torsdag 7. juli 2011

Etter ein litt treig start, var denne gjengen no enige om at badesesongen endeleg er starta. Dei påsto det var god temperatur på vatnet, men gåsehuda avslørte dei. Då todalen.no trefte dei hadde dei tilhald ved den gamle industrikaia attmed settefisk anlegget. Dei lika seg her, for her var det så artigt å hoppe kunne dei fortelje, og synte lettbedte fram både framlengse og baklengse saltoar.

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juli 2011

Søndag 28. august er det klart for ny Trollheimsmarsj igjen, melder Kari Kvendset i Todalen I.L.  Det blir den fjerde i rekkja, og det er lurt å sette av helga til formålet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, med Trollheimstunnelen som sponsor.  Årets Trollheimsmarsj følger tradisjonelt opplegg med start på Bordholmen stadion i Todalen og over Vardan til Ålvundeid, der det er målgang på Leikvoll stadion. På turen over fjellet vil det bli arrangert natursti med premiering. Som før blir det busstransport frå Ålvundetet til Todalen både før start og etter målgang.


Stem på månadens bilete for juni

Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Torsdag 7. juli 2011

Juni er over, og sommeren begynner nå virkelig å sette seg, sjølv om den blå himmelen ikkje viser seg så ofte som mange ynksjer. Vi har samla saman kandidatane til månadens bilete for juni, og setter i gong stemminga. Vi håpar dykk fortsett å senda inn bilete, og det er ikkje noko problem å sende ei feriehelsing frå utanbygdes.

Les heile saka

Solsenga i drift igjen

Solsenga i drift igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. juli 2011

Todalen I.L. melder at solsenga i gamle postkontoret er i drift igjen etter en liten reparasjon. Solsenga har myntautomat og det koster kr 60 for 20 minutter, og kr 30 for 10 minutter.


Med aner frå Todalen

Med aner frå Todalen

Ole Petter Talgø Onsdag 6. juli 2011

Mandag var Barthold Halle for fyrste gong i Todalen sidan 1970. Då besøkte han bygda saman med sønnane. For nokre vil kanskje dette navnet vera kjent, då han har vore svært aktiv som instruktør innen teaterlivet, og har vore teatersjef ved Oslo Nye Teater fra 1978 til 1984.

Les heile saka

Premiere på mjølkeroboten

Premiere på mjølkeroboten

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. juli 2011

I dag var det blautkake i Viastua. Premieredagen for oppstart av den nye mjølkeroboten må markerast såpass. Selbyggen Oddbjørn Stamnes frå Selbu har jobba 3-4 veker med montering av ny mjølkerobot i Viastufjøset. Dette er ei stor investering, godt over ein million, og sammen med ny automatisk kraftforstall vil nok det nye utstyret lette arbeidet etter kvart. Det tek nok litt tid for kyrne å bli vant til dette, men etter kvart blir det nok kø framfor mjølkeroboten. Heile systemet er datastyrt, og held kontroll med kva kyr som er mjølka, og kor mykje kraftfor dei har fått.

Les heile saka

Toneklang – konsert i kyrkja i kveld

Toneklang – konsert i kyrkja i kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2011

Tone Søyset Døving og Trygve Brøske er todalsaktuell til helga. Søndag 10. juli kl 19.30 held dei konsert i Todalen kykje. Konserten er ein del av jubileet til  Todalskyrkja som i år feirar 150-årsjubileum gjennom heile året. Sist søndag kveld hadde vi Tone på tråden frå Hakadal, der ho bor, og ho kunne fortelje at ho gler seg til […]

Les heile saka

Lagbileta frå Todalsdagens cup

Lagbileta frå Todalsdagens cup

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2011

No er alle lagbileta frå fotballcupen lagt ut. Vi har bilde av 36 av til saman 37 lag som deltok i cupen. Laget til Sunndal manglar, da dei drog heim rett frå siste ferdigspela kamp, så dei gikk glipp av premieutdeling og fotografering. Alle dei andre laga ligg i bildegalleriet nedafor. Skulle det være bruka feil namn på laget, så sett vi pris på å få korrigering frå lagleder på e-post til redaksjonen i Todalen.no.

Les heile saka

Kårvatn Fjellutstyr – Ope måndag – laurdag

Kårvatn Fjellutstyr – Ope måndag – laurdag

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2011

Hos Kårvatn Fjellutstyr er det fortsatt mykje fine  klær til halv pris. I ein artikkel om lagersalget kom vi dessverre i skade for å skrive at dei har ope i dag på søndag, men det stemmer ikkje. Dei har ope igjen måndag og opningstidene utover veka er måndag – laurdag 10-16 med langdag på tysdagar til […]

Les heile saka

Molde til topps på Todalsdagen

Molde til topps på Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2011

Det var nok ikkje uvanta at Molde gikk til topps i fotballcupen under Todalsdagen. Med ei ubroten sigersrekkje gjennom heile turneringa trekte dei også det lengste strået i finalekampen mot trønderlaget Freidig, der dei vann 3-0. I bronsekampen spela Eide mot CFK, og der dei vann 7-4. Dermed hamna bronsepokalen i Eides premieskap. Det var tilsaman 37 lag som deltok i Todalsdagens fotballcup, og vi er imponent over den store innsatsen på fotballbanen og den fotballgleda som vart lagt for dagen. Honnør også til publikum og heiagjeng som var med heilt til slutt og som gjorde ekstra stas på arrangementet.

Les heile saka

Pangstart på lagersalget på Talgø

Pangstart på lagersalget på Talgø

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2011

Parkeringsplassen rundt fabrikkanlegget til Talgø var på det neraste fylt opp da publikum vart sleppt inn portane presis kl 10 laurdag føremiddag. Talgø har nemleg rydda lageret i Todalen og på Vinstra, og bydde på eit stort utvalg av møblar av ymse slag for ein billeg penge. Det er restar av seriar, prototypar og møblar med ubetydelege feil som no går ut på lagersalget. Lagersalget er også ope søndag mellom 12 – 17 og vil ha ope utover juli så lange det er varer att. Da vil opningstida vere måndag til laurdag mellom 10 – 17.

Les heile saka

Straumutkopling tysdag kveld

Straumutkopling tysdag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2011

Svorka Energi melder at det blir straumutkopling tysdag kveld. På grunn av naudsynt vedlikehald på høgspentnettet blir det straumutkobling tysdag 5. juli frå kl. 23.00 til ca. kl. 05.00 på strekninga fra Sjøtrø -Nordvik-Kvennset-Ansnes-Kårvatn.  Vakttlf: 924 20 050