Surnadal Pensjonistlag markerte måndag overrekking av bilde til Stangvik aldersheim. Dette har samanheng med at Reidar Østvik hadde utstilling på aldersheimen frå påsketid og utover våren. Bebuarane lika godt bilda som Reidar stilte ut, og spesielt var det eit bilde med sauer som fall i smak. Dette bilde fekk aldersheimen med Surnadal Pensjonistlag som gåve, og laget ønska samtidig å takke dei tilsette på aldersheimen for den fine innsatsen dei gjer. Det var lagets ledar Johannes Vaag som med velvalde ord overrekte biletet.
Les heile saka
Mange som har passert Todalen Kyrkje i den seinare tida, har mest truleg lagt merke til at det har vorte nye utelys ved kyrkjegardsmuren. Dei gamle har vorte erstatta av nye i ein litt anna fargenyanse enn dei som var der før. Før ein vart vant til dei, minna det mesta om skinet frå eit bål i seine sommarkveldar. Men med det sure veret som har vore i de siste vekene så vart det reint så stemningfsfullt med preg av haust…
Les heile saka
Halle og Husby Vasslag har sendt ut melding om at abonnentane bør koke drikkevatnet inntil vidare. Siste vassprøve viste eit lite innslag av e-colibakteriar, utan at det er nokon dramatikk i det, seier ledar Gudmund Husby. Sannsynleg vis er det overflatevatn etter regnvêret den siste tida som er årsaka. Det skal takast ny vassprøve i byrjinga av neste veke.
Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.
Les heile saka
Måndag kveld kom fotballgruppa si nyinnvestering på Bordholmen. Bjørn Hauglann hadde vore på handel, og Knut Jarle Bergli vart den heldige montør. Undervegs i monteringa fekk han mange nyssgjerige blikk frå nokre trimmarar som held til på volleyballbanen. Dei hadde problem med å sjå kva i all verda det var han sette opp. Både dragar, vasski og leskjermar i ulike varianter vart foreslege. Men dette var kun fotball relatert, då det viste seg å vera markørar til trening.
Les heile saka
Vinnarens av månadens bilete for juni ble Siv Halle med biletet «Flott solnedgang». Vi gratulerer, og lovar at premien blir overlevert så snart som mogleg.
Les heile saka
Førstkomande søndag (17. juli kl 12-16)) inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag på Åsen. Her blir det ymse aktivitetar utover dagen, men hovudattraksjonen blir Bjørn Austigard som vil kåsere om temaet «Havre». Det skjer i Røykestova, og på grunn begrensa kapasitet der, vil han halde kåseri i to omgangar – kl 13 og kl 14.
Les heile saka
I eit samarbeidsprosjekt med Miljøretta helsevern i Surnadal kommune har TrollheimsLab teke vassprøvar fleire plassar i kommunen for å sjekke kvaliteten på badevatnet. I Todalen er det teke 2 prøvar i området ved badeplassen ved Småbåthamna på Kvennset. Prøvane viser gode resultat, skriv Hanne Waag i ein e-post til Todalen.no. På Trollheimsporten kan du les meir om dette.
Fra Lars Stensby har vi fått reisebrev fra Niedersacshen i Tyskland. Firmaet han er ansatt i har oppdrag for Statkraft der, og gjennom flere perioder skal han utføre oppdrag der. Lars er ansatt i Trondheims-firmaet MainTech og han skriv: «MainTech dro nylig i land en kontrakt med Statkraft om å hjelpe de med vedlikeholdstilpasning av et av deres gasskraftverk i Tyskland. Denne kontrakten beskjeftiger fire medarbeidere fra sommeren, og frem til jul. Arbeidet består av å gjennomgå gassturbinen, kjelen, brennere, dampturbin, kjølesystem pluss alle pumper, ventiler, instrumenter og hjelpesystemer og vurdere om de er kritiske for sikkerheten, miljøet eller produksjonen. Dette er tusenvis av komponenter. Det skal utarbeides et forslag til vedlikehold, slik at sikkerhet og pålitelighet blir slik Statkraft ønsker at det skal være.
Les heile saka
Ola Kvendset melder om at det er gjort forsøk på å arrangere volleyballkveldar på Bordholmen. Dette er på måndager frå klokka 21 og utover. Det har tidlegare vore sagt oppstart 20, men med håp om å få med enda fleire flyttar dei det no fram ein time frå og med i kveld. Så da er det […]
Les heile saka
Tone Søyset Døving var overvelda over at Todalen kyrkje i kveld var fullsatt, med bortimot 180 frammøtte som hadde teke turen for å oververa konserten med henne og Trygve Brøske. Det vart ei reise med Tone som artist gjennom 30 år, med den spede start som 6 åring i nettopp Todalen Kyrkje og fram til notidas opptredenar av ymse slag. Ho har ved tidlegare høve hatt mange opptredenar i nettopp Todalen Kyrkje, men i kveld med sin aller første solokonsert.
Les heile saka
Stine er utvalgt til helgens blogg på nettstedet Ukens.blogg.no. Dette er et sted hvor bloggere som over tid har utmerket seg med gode innlegg får en annerkjennelse, som enda ikke har kommet seg på topplisten, men som sitter inne med et stort potensiale.
Hver uke velges det ut 2 blogger som blir presentert og får publisitet på forsiden av blogg.no.
Les heile saka