Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ola Hovdenak slo til igjen!

Ola Hovdenak slo til igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. januar 2012

Ola Hovdenak frå Romsdal Randoneeklubb var førstemann i mål under laurdagens randonee i NorgesCup/Lifesystems cup på Kårvatn, og fekk tida 1.31.58 og 14 sekund framfor svensken André Johnson. På tredjeplass kom klubbkameraten Björn Gund, 3 minutt og 22 sekund etter. I dameklassen var det Oddrun Brakstad Orset frå Romdal randoeeklubb som gikk til topps med tida 2.14,28, framfor Caroline Tollstadius på 2.35,47. I Herre junior, var det Eirik Haukøy som trekte det lengste strået, med tida 1.42, 58 framfor Torstein K. Johannesen som kom inn på 1.51,07.

Les heile saka

Siste sjanse for å stemme i desember

Ole Petter Talgø Fredag 13. januar 2012

I kveld går fristen ut for å stemme på månadens bilete for desember. Gå hit for å avgi din stemme.

Vi oppfordrar fortsatt til innsending av nye bilete vi kan bruke for dagens bilete, og vi ser har sett at bilete som blir lagt opp som ei gåte har vore populære. Sjølvsagt er det ikkje noko problem å sende inn «vanlege» bilete. Statusrapportar både innabygdes og utabygdes er også populært lesestoff.


Filmen om «Finnguten» – søndag 22. januar

Filmen om «Finnguten» – søndag 22. januar

Jon Olav Ørsal Fredag 13. januar 2012

Neste søndag (22.1. kl 15.00) er det klart for visning av filmen «Finnguten» i Todalen Ungdomshus. Det er Todalen Historielag som arrangerer ettermiddagskaffe denne søndags ettermiddagen, og som har fått Eistein Bæverfjord til å kome for å vise oss filmen. Finngutfilmen er resultatet av ein tur i Bæverdalsfjella saman med Tor Holten og Odd Trodal, i grenseland mot Hemne og Rindal, der det levde samar sist på 1800-talet. Diktet Finnguten av Jørgen Gravvold er sentralt i filmen, og det blir lufta fleire ubesvarte spørsmål i historia om den sjuke finnguten, som kom ned i Bæverdalen for meir enn hundre år sidan.

Les heile saka

Utviklingsprisen til Surnadal BU

Utviklingsprisen til Surnadal BU

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. januar 2012

Torsdag arrangerte Surnadal Sparebank årets næringslivsdag med konferanse i Surnadal kulturhus. Der nytta banksjef Allan Troelsen høvet til å dele ut Surnadal Sparebanks utviklingspris på kr 25.000. Den gikk i år til Surnadal Bygdeungdomslag, for framifrå marknadsføring av heimbygda. Han framheva spesielt arbeidet med landsstemnet i 2006 og fylkesstemnet i 2011, der Surnadal Bygdeungdomslag stod som arrangør. Karin Åsbø og Britt M. Rørseth tok i mot prisen på vegne av Surnadal Bygdeungdomslag.

Les heile saka

Klart for skihelg på Kårvatn

Klart for skihelg på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. januar 2012

Denne helga står i skisportens tegn på Kårvatn, med Norgescup Randonee og Fjelltelemark individuelt laurdag og randonee for lag søndag. Det er allereie eit 50-tal påmeldte til laurdagens konkurransar fortel Kristen Bruset frå arrangøren Todalen Idrettslag Det er framleis muleg å melde seg på når rennkontoret opnar kl 08.30 laurdag, og fram til kl 09.00. Det er også trimklasse som startar i lag med proffane, så har du lyst til å prøve deg så er det berre stille opp. Meir info om rennet finn du ved å klikke her.

Les heile saka

Velkommen til nytt bibliotekår

Velkommen til nytt bibliotekår

Elinor Bolme Torsdag 12. januar 2012

Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att sesongen. No er det Karen Johanne Talgø som har teke over administreringa av tilbodet til todalingane, slik at det ikkje skal bli nedlagt. Den 19. januar blir det stengt, men elles blir det ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00 seier ho i ein epost til redaksjonen. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.

Les heile saka

HalsOil – Kortautomat igjen frå torsdag 18. januar

HalsOil – Kortautomat igjen frå torsdag 18. januar

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. januar 2012

Torsdag 18. januar blir det montert ny kortautomat på HalsOil drivstoffanlegg ve ICA Todalen. Da blir det igjen muleg å fylle verdens beste drivstoff og betale med kort – 24 timar i dagnet, fortel handelsmann Nordvik til Todalen.no. Etter ei forsenkeing på grunn av julehøgtida er det no klart at kortautomaten blir montert i neste veke, etter å ha vore ute av drift sia 1. september.

Les heile saka

Personlig trener – noe for deg?

Personlig trener – noe for deg?

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. januar 2012

Fra og med i dag kan du tilbys personlig trener på Surnadal Velværesenter. Det er sunnmøringen Jan Helge Uggedal, en 22 åring fra Hildre, som tilbyr denne tjenesten. Jan Helge er utdannet ved «Akademiet for personlig trener» i Oslo. Ut måneden er det Januartilbud, og du kan kjøpe klippekort med 5 klipp for kr. 1350,-, eller kjøpe enkelttimer for kr 250,- pr time.

Les heile saka

Ein skal tidleg krøkast…

Ein skal tidleg krøkast…

Elinor Bolme Tysdag 10. januar 2012

…om trufast todalen.no-tilhengar skal bli! Difor har redaksjonen ved underteiknande i dag overbringa ei lita gåve til våre kommande lesarar ved Todalen barnehage.

Todalen.no nok ein gong investert i litt profileringsmateriale. Før jul kom pennar og isskråper mange til gode, mens vi no på nyåret fekk levert buffane vi hadde bestilt.

Les heile saka

Start i Start 4H

Start i Start 4H

Elinor Bolme Måndag 9. januar 2012

Onsdag kveld er det oppstart på det nye 4H-året melder leiaren i Start 4H, Marte Talgø. Difor oppfordrar ho alle nye og gamle medlemmar til å møte opp på Skulstuå (gammelskulen) onsdag kveld for valg og planlegging av kommande års prosjekt. Ellers blir det og oppstart med fritidsklubben etter kvart.

Les heile saka

Isenbanen er klar!

Isenbanen er klar!

Jon Olav Ørsal Måndag 9. januar 2012

Banemester Bergli melder at det er kjempefin is på Bordholmen nå! Lysene settes på og er tent til klokken åtte i kveld. Garderobene blir låst opp så det går an å skifte uten å fryse av seg tærne. Alle er velkomne til å bruke isbanen! Værmldingen lover imidlertid mer regn, så det spørs hvordan det går med isen. Det er meldt kaldere vær til helga, sier yr.no.


Stem på månadens bilete for desember

Stem på månadens bilete for desember

Ole Petter Talgø Måndag 9. januar 2012

Då var det tid for den siste avsteminga for månadens bilete for 2011, nemleg desember. Månaden vart prega av variert og tidvis kraftfullt vêr, og utvalget av bilete viser dette. Nokre av bileta er nok henta frå andre årstider også. Snart etter at vi har fått ein vinnar for desember, vil vi også byrje avstemninga for årets bilete for 2011.

Les heile saka