Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Felles skulemøte

Felles skulemøte

Elinor Bolme Tysdag 7. februar 2012

I går kveld var det arrangert informasjonsmøte i anledning rådmannen sitt forslag om at alle elevane ved Stangvik Skule skal flyttast inn til Todalen skuleåret 2012/13 under opppussinga av Stangvik skule. Dei ulike innstansane som blir involverte i dette har mulegheit til å komme med innspel før saka skal opp i Hovudutval for oppvekst den 14.3.12.

Les heile saka

Kjøtt å påsse

Kjøtt å påsse

Jon Olav Ørsal Måndag 6. februar 2012

Eldremiddagen er forlengst kome igang etter juleferien, og samlast kvar onsdag i Sanitetshuset. Der serveres  det kjøtt- og fiskerettar annakvar veke, og Martinus Torvik fortel at førstkomande onsdag (8.2.) er det «Kjøtt & påsse» på menyen. Han ønskjer alle velkomne til middag til vanleg tid kl 13.00.


6. februar – Samefolkets dag

6. februar – Samefolkets dag

Jon Olav Ørsal Måndag 6. februar 2012

I dag skriv vi 6. februar, og det er samefolkets dag. Vi slo opp i Wikipedia for å finne meir informasjon om dette, og der står det: «Denne dagen er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn. Datoen markerer det første samlande møtet for ulike samiske organisasjonar og aktivistar i Trondheim 6. februar 1917, med deltakar frå Noreg og Sverige.

Les heile saka

Kulturkveld i Skulstuå

Kulturkveld i Skulstuå

Alvin Harstad (tekst) Sundag 5. februar 2012

Torsdag den 2. februar var det underhaldningskveld i Skulstuå. Skulstuå eller Todalen gamle skule har også vore heimen til Leif Halse og ute i passeleg vinterstemning stod Vangsgutane på sokkelen sin og tok oss i mot. Kulturkvelden blei opna av Ragna Kvendset som var ei av eldsjelene bak Skulstuå som stiftinga skal ta over frå kommunen. Nils Tore Leivdal starta med å fortelje om todalingar som deltok i Silsetrenna frå si eiga bok «PÅ SILSETRENN», som kom ut like før jul.

Les heile saka

Landbrukskonferanse – Velkomen til bords!

Landbrukskonferanse – Velkomen til bords!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2012

Fredag 10. februar arrangerer Surnadal Sparebank årets landbrukskonferanse. Det skjer i Surnadal kulturhus, og i samarbeid med Todalen Bondelag og Surnadal Bondelag. Det er det foredrag av både lokale størrelsar, samt foredraghaldarar utafrå. Ola T. Heggem tek for seg landbruksmeldinga, medan Roald Boge vil orientere om vindkraft.

Les heile saka

På konsert: Åge ga alt!

På konsert: Åge ga alt!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2012

Surnadal kulturhus var fylt til siste plass og vel så det, da Åge Aleksandersen og Gunnar Pedersen entra scena laurdag kveld. Dei to fekk straks kontakt med publikum, og vi fikk bli med på 2 timer med ei fantastisk konsertoppleving. Radarparet Åge og Gunnar har spela saman sia 1980 og dette hadde dei kalla ein «akkustisk turne». Den var sett sammen av melodiar og tekster som dei lika spesielt god, og som har betydd mykje for dei. Det var Åge på sitt beste, krydret med gitarspill av høg klasse frå Gunnar.

Les heile saka

Rekordtrafikk i januar

Rekordtrafikk i januar

Jon Olav Ørsal Fredag 3. februar 2012

Trafikken på Todalen.no veks mot nye høgder. I januar sette vi tre nye rekordar, da nettstaden hadde 23.672 besøk på sida. Det er første gongen at antal besøk er over 20.000 på ein månad, så den rekorden vart grundig slegen. I desember var vi tett oppunder, da vi berre mangla 67, men i januar vart det altså. De to største sakene var sjølvsagt NorgesCupen på Kårvatn, som tilsaman samla 2.221 besøk.

Les heile saka

Spel på lag med oss

Spel på lag med oss

Elinor Bolme Torsdag 2. februar 2012

Etter gårsdagens politiaksjon her i Todalen oppfordrar politibetjent Anders Mangne Ormset til at folk er litt meir varsame på kva dei publiserer på nettet, då med særskild tanke på sosiale medier. Bakgrunnen til dette er at det på Facebook var å lesa at politi var i Todalen og «aksjonerte», før pågripelsen var eit faktum. Dette held på å spolere heile pågripinga, då fleire vart gjort oppmerksame på at noko utanom det vanlege foregikk. Og slik info sprer seg ofte òg raskt til dei som ikkje bør ha den, med tanke på vellukka aksjonar.

Les heile saka

Politiaksjon etter tips om narkotikabruk

Elinor Bolme Onsdag 1. februar 2012

I kveld har fleire vorte stoppa av politiet i Todalen etter at dei hadde vorte tipsa om bruk av narkotika i området rundt Ansnessaga. Frå Opreasjonssentralen i Kristiansund har todalen.no fått info om at aksjonen var vellukka i den grad at tre ungdomar i 19-20 årsalderen vart pågripne for bruk av narkotika. Operasjonsleiar Aakenes i Kristiansund fortel at dei tre ungdomane erkjente bruk under avhøyr ved lensmannskontoret i Surnadal. Den eine kjendt for politiet frå før.

Les heile saka

ISPO 2012- der kjentfolk møtes

ISPO 2012- der kjentfolk møtes

Elinor Bolme Tysdag 31. januar 2012

ISPO 2012 i München er verdas største sportmesse og pågår i år frå 29. januar til 1. februar. Her er over 2000 utstillarar og 60 000 besøkande frå over 100 land samla til ein fagleg maraton  innan  fagområda aktiv, utøvande og tradisjonell sport. Også todalingar finn vegen hit kvart år til same tid for å gjera forretrningar. Kårvatn […]

Les heile saka

Herretrimmen flytta

Herretrimmen flytta

Elinor Bolme Måndag 30. januar 2012

Herretrimmen har sidan forrige veke vorte flytta frå onsdag til måndagar heretter. Dette fordi det har vore litt dårleg med oppmøte. No på kaldaste årstida held dei til i gymsalen på skulen, men når det vårast trekkjer dei ut i ballbingen eller ned til Bordholmen. Her er det fartsfylt ballspel med høg intensitet, av og til […]

Les heile saka

Verdige prisvinnarar

Verdige prisvinnarar

Jon Olav Ørsal Sundag 29. januar 2012

Idrettens festkveld vart ei fin forestilling der Surnadal idrettsråd nytta høvet til å gi mykje velfortjent heider og ære til både idrettsutøvarar, eldsjeler og andre som har lagt ned mykje frivillig arbeid for idretten over lang tid. Konferansierane Siri Marte Hollekim og Roar Strand losa oss gjennom kvelden på ein fin måte og bidrog til at kvelden vart ei høgtidsstund. Høgdepunktet var nok prisutdelingane, og det har vore mange verdige kandidatar til prisane. Ein vanskeleg jobb for juryen når dei skulle ende opp med ein prisvinnar for kvar pris til slutt.

Les heile saka