På ettermiddag fekk utgåande skulebuss frå Todalen motorhavari og måtte få litt assistanse til å komme seg på vegkanten slik at øvrig trafikk kom seg forbi. Før bussen fekk av motorbremsen og kunne flyttast, var det traffikkork ei lita stund. Tendens til kø vart det då ein lastebil forsøkte å ta seg forbi og nær hekta seg fast i bussen.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag la siste turen dette året til Gammelvegen mellom Røen/Vang og Stangvika. Sidan det var dårlege vêrmeldingar til torsdag, tok eg meg ein tur langs Gammelvegen eit par kveldar tidlegare i veka og nytta høvet til å knipse nokre bilete. Nils Røen har vore primus motor for skilting, slik at vi som går der blir kjende med natur og historie langs vegen.
Les heile saka
Torsdag 1. november kommer Kjersti Wogn-henriksen til Surnadal for å delta i et åpent møte om demens. Det skjer på Kantina på Surnadal Sjukeheim, og møtet starter kl 19.30. Kjersti Wogn-Henriksen er sjefspsykolog ved sykehuset på Hjelset, og har nettopp tatt en doktorgrad i hvordan yngre personer med demens opplever og lever med sin sykdom. «Du må skape deg et liv» har hun kalt foredraget sitt.
Les heile saka
1. og 2. klassen på skulen var godt fornøgd med den kvite snøen som kom i dag. I gymtimen var dei raske til å få på seg kleda og kome seg ut.Som vi ser på bileta er det berre artigt å rulle seg og bygge i snøen. Dei laga både dyr og stolar dei kunne sitje på. Dei håpar på enda meir snø, sjølv om haggelbygen som kom svei godt i kinna
Les heile saka
I løpet av natta og morgontimane kom den første snøen i Todalen. Frå morgonen var det ikkje meir enn at det så vidt dekte marka, men det har auka på utover dagen. Det har søna jamnt utover dagen, og det har også vore sterke vindrosser, slik at vi tidvis har hatt ekte vintervêr. Og vêrmelding på yr.no melder om meir snø utover dagen, og overgang til nordvest sludd og regn utpå fredag og regn når vi når fram til fredag kveld. laurdag meldes det også både regn, sludd og snø utan at det er i store mengder.
Les heile saka
I dag tidleg var det full sjau med legging av fast dekke på Rossåbrua. Rossåbrua har vore gjennom eit omfattande rehabiliteringsprosjekt, der det er laget ny føringskant og montert nytt rekkverk. Det er også lagt ein membran for å tette brudekket og hindre at det oppstår skade på betongen i brua på grunn av vatn som trenger inn. Til sist vart det i dag lagt nytt toppdekke på brua, som no er ferdig rehabilitert.
Les heile saka
Til gudstenesta søndag kveld fekk Todalskyrkja «stor-framund»: Gruppa Allpa Yuraq frå Peru! Med trommer, fløyte og gitarar opna kvelden med eit litt «annsleis» preludium etter at klokkar Ildri Øyen, vikarprest Dag Øivind Østereng og folkemusikkgruppa hadde kome inn i korsprosesjon. Utover i gudstenesta skifta det mellom dei faste ledda – som i den nyinnførte liturgien ikkje skil seg mykje frå den gamle – og friske Allpa Yuraq-tonar knytt opp til teakstene: Eit utvida lovsongsledd (Gloria) med livlege rytmer, ei fyldig avdeling etter Truvedkjenninga og ein mini-konsert som Postludium.
Les heile saka
Når seriesesongen no er over startar det regionale treningstilbudet for klubbar på indre nordmøre gjennom spillerutviklingsprosjektet Svorka Energi-team. Dette er beregna på dei aller ivrigste spelarane – som klubbene IL Søya, Surnadal IL og Halsa IL ønsker å gi eit tilbud til utover det de har i eigen klubb. Svorka Energi-team er meint som eit ekstra tilbud for spelarar som har eit sterkt eiget ønske om å bli enda dyktigere fotballspelarar – og som viser gode haldninger og stor treningsvilje
Les heile saka
4H året er snart slutt, og styret med sekretær Thea Saksen Ulvund melder inn til todalen.no at førebuingane til årets haustfest førstkommande søndag er godt i gang. Den siste veka i eit 4H-år er alltid travel, i år intet unntak.
Les heile saka
Surnadal kulturhus er like rundt hjørnet med kulturkalenderen for november. som vanleg har dei mykje å by på, både i Kammerset, Finstuå og i Storstuå. I kammerset kan dei mellom anna by på James Bond, den 23. filmen i serien er klar for lerretet og blir vist 9 gong frå 1. november til siste visning den 15. For bona er nok «Reisen til juestjernen» meir aktuell. Den går 8 gong i perioden 9. november til den 16.
Les heile saka
Førstkommende søndag, den 28. oktober kl 1900, er det duket for den årlige høstbasaren til Nordvik grendalag. Da samles vi i forsamlingshuset, og det blir det tradisjonelle med nummertaking, åresalg, pilkast og kakeutloddning, og ikke å forglemme det sosiale over en kopp kaffe med godt tilbehør.
Les heile saka
Søndag 21. oktober er dagen for den store innsamlingsaksjonen som går på NRK1. I år er det Amnesty International Norge som er formålet. Amnesty arbeider for å avdekke grove brot på menneskerettane i fleire deler av verda. Slgaordet er «Stå opp mot urett». Fjorårets innsamlingsaksjon gikk til Norsk Folkehjelp, og dei klarte å samle inn heile 219 mill. Målet i år må væra å klare minst like mykje og kanskje litt meir? Så ta vel i mot bøssebærarane, og gi så det svir!
Les heile saka