Kva gjer ein frossen organist når bilen punkterer i tidsklemma mellom to lysmesser ein desemberkveld? Søndag vart eg skikkeleg opprådd. Men uhellet skjedde heldigvis attmed julegrantenninga i Todalen, og der er hjelp og omtanke aldri langt unna. Ola Einar, Knut og fleire sprang seg til, jekka, skruva – og på eit blunk var reservehjulet på […]
Les heile saka
Heilt sia Svinviktunnelen vart bygd i 2002 har det vore problem med stein og lausmasse som har kome ned i vegbanen frå skjæringa på oversida av vegen. Det har tidlegare vore gjort minst 2 iherdig forsøk på å ordne opp i dette, utan at det har lykkast. I haust har det ved fleire høve vore stein i kjørebanen, men det har enno ikkje skjedd noko skade på bilar eller trafikkantar så lagt vi kjenner til. Da vi hadde ei åtvaring på Todalen.no den 19. november vart det imidlertid fart på sakene, og Statens vegvesen sette prioritering på saka etter påtrykk via Surnadal kommune.
Les heile saka
For å få innsspel frå flest mogleg har Nordvik grendalag avtalt med namnenemda å arrangere eit grendamøte i Nordvik Forsamlingshus måndag 10. desember kl 19.30. Møtet blir ope for alle interesserte, også utanfor Nordvik. Nordvik grendalag er også interesserte i innspel utover namn på dei fire vegane og fire hyttefelta som er vist på kartet. Mellom anna moglegheit for bruk av gards/bruksnamn som mellomadresse. Om Todalsvegen er det beste namnet på vegen gjennom Nordvikgarden er og eit aktuelt tema å få fram folks meining om.
Les heile saka
Årets konfirmantar hadde forberdt seg godt til dagens lysmesse då dei saman med sokneråd og prest Dag Øivind Østereng ringte inn til nytt kjyrkjeår og lysmesse på 1. søndag i advent. Her var det stilfull inngangsprosesjon saman med dagens dåpsbarn, foreldre og prest, etterfulgt av lystenning og bokutdelinger.
Les heile saka
Plan- og tiltaksutvalget i Todalen hadde rigga seg til med gløgg, pepparkaker og twist til den årlege julegrantenninga utanfor Matkroken på ettermiddagen i dag. Det var mange frammøtte til tross for at gradestokken viste rundt 10 minusgrader.
Les heile saka
I helga har vi fått ein skikkeleg forsmak på vinteren. Natt til søndag kraup kvikksølvet under 10, og vi registrete minimumstemperatur i løpet av natt på – 11,9 grader. I skrivande stund på ettermiddagen er det berr -9,1, medan prognose for komande natt er 11 grader eller kanskje enda kaldere. Ein liten rund rundt bygda […]
Les heile saka
Søndag var det nytt uformelt familietreff i Skulstuåa, der dei feira første søndag i advent med gløgg og mykje gode julekaker. med smått og stort var det eit 20-tals frammøtte, som kosa seg i kvarandres selskap gjennom eit par føremiddagstimar denne kalde desemberdagen. Gradestokken viste nemleg rundt 10 grader, og minimumstemperaturen i natt var heilt nede i -12 grader.
Les heile saka
Lysmesser i adventstida er ein fin tradisjon. Søndag helsar konfirmantar og andre det nye kyrkjeåret velkome i Todalen og Stangvik. Torsdag var todals- og stangvikkonfirmantane samla til øving i Todalen kyrkje. Dei har mange tenesteoppgåver gjennom store deler av gudstenesta – litt ulikt i dei to kyrkjene. Vi kan røpe litt av søndagens program.
Les heile saka
Søndag presenterte Todalen historielag sitt årsskrift, som er nr 11 i rekkja. No er årsskriftet forlengst kome i salg, og ledar i Todalen historielag Maren Ansnes fortel at salget har gått strykande. Du kan i år kjøpe årsskriftet på bokhandelen i Surnadal, Matkroken L. Hals i Todalen og hos Joker Kvanne. Prisen på heftet er kr 150. I heftet er det presentert stoff både frå gammel og ny tid, og vi trur det finnst interessant stoff for ein kvar smak.
Les heile saka
Vi går nå inn i adventstiden, og julen nærmer seg med raske skritt. For å skape litt førjulsstemning vil musikkorpset Blæst`n komme til Nordvik forsamlingshus onsdag den 5. desember kl. 1900. Da blir det korpsmusikk, trekkspillmusikk og sanger som er populære hele året, samt en del som hører julen til. Damene i grendalaget vil sørge […]
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag avviklet årets Julemiddag på Folkehøgskolen i dag, 29. november. Dette er et populært førjulsselskap som samler mange godt voksne kvinner og menn, i år tett oppunder ett hundre. Attåt god julemat hadde vi musikkinnslag og allsang samt et kåseri av ordføreren i Halsa, Ola Rognskog.
Les heile saka
Todalen.no overbringer i dag ei helsing frå Jan Sturla Jensvold i Estlandsforeninga Midtnorge til alle som har vore med og bidrege til ein vellykka førjulstur til Estland. Dei leverte no nylig både julegaver og innsamla klede. Todalen Sanitetsforening er fast bidragsytar; med klesinnsamling på våren og julegavar på november.
Les heile saka