Å treffe jerven når ein er til fjells er ikkje lengen den store sensasjonen, og observasjonar av jervspor har nærast vorte dagligdags. Ola Bruset tok søndag ein ettermiddagstur til Brusetsetra, og der trefte han jerven. Han fortel at det var generelt lite spor å sjå på turen opp lia etter turistlina, men vel oppe på Tårnet kunne han sjå at det hadde vore eit yrande liv i høgda. Der var det spor etter både hjort og elg, i tillegg var det og spor etter oter, mår og to jervar.
Les heile saka
Tre karar var i dag i full aksjon på Bordholmen for å anlegge skøyteis der igjen, slik som det var sist vinter. Ivar Helge Kvendset og Knut Bergli hadde starta opp grunnarbeidet i går ettermiddag, med måking av areal og påhaving av vatn med ein ordinær husslokkeslange. I dag fekk dei med seg Ivar Bolme med brannslangar og agregat, og når dei omsider fekk det kalde elvavatnet til å passere gjennom 250 meter med kald slange, gjekk det rimeleg fort å få fylt opp asfaltplassen.
Les heile saka
Vi er godt inne i desember og Surnadal kulturhus har ulike aktiviteter for dei fleste også denne måndaden.
Frå kulturhusleiar Karstein Telstad har vi fått fleire mailar om ulike aktiviteter, under er ein av dei, der han håpar på stor oppslutning for å montere ein pepperkakeby.
Les heile saka
I dag arrangeres det tradisjonelle førjulstreffet med utdeling av lykkeskilling og sosialt samvær i Sanitetshuset. Her er dei ungane som er født i 2012 spesielt inviterte. Saniteten serverer nissegraut, mens det også i år vil bli eit lite juleverksted for dei minste.
Les heile saka
UKM er en åpen arena for ungdommer mellom 13 og 19 år, hvor du kan delta med absolutt hva som helst! Det kan for eksempel være sjonglering, smykkedesign, fotballtriksing, fotografier, stand-up, sang, en novelle, band, dans eller som scenetekniker, konferansier, arrangør eller journalist – Alt er ønsket!
Les heile saka
Deltakarar frå Surnadal folkedanslag besøkjer om lag kvar 6. veke Stangvik aldersheim, og den 4. desember var dei der på førejulsbesøk. Som vanleg vart vi godt mottekne, og snart ljoma gammeldansmusikken gjennom rommet, og dansen var i full gang.
Les heile saka
Et 20-talls personer hadde funnet veien til Nordvik forsamlingshus for å overvære underholdningskvelden med musikkorpset Blæst`n onsdag den 5. desember. Etter at Eva Tørset hadde introdusert korpset kom høydepunktene slag i slag. De startet med en vals som heter Kveld i Trollheimen, deretter Norwegian Sunset fra Flåklypa, Ut på tur, Tanta til Beate og Bred dina vida vingar. Jan Sturla Jensvold trakterte trekkspillet da (Blæstn`s Blandakor) framførte Trondheimsnatt, og (Blæstn`s jubelkor) fulgte deretter med Voi voi med tillegg av Magne Lillegård på slagverk. Etter applausen å bedømme var det tydelig at de to sistnevnte falt godt i smak blant publikum.
Les heile saka
Eldremiddagen i Todalen serverte sin tradisjonelle og mykje velsmakande julemiddag med 30 gjester til bords i går den 5. desember. Dette var årets 35. arrangement og kokkane Brit Nordvik, Jorunn Ness, Karen Johanne Talgø og Grete Torvik samt Bodil Kvendset, som var med i teamet i første halvår, fekk alle ei velfortent blomsterhelsing.
Les heile saka
Betongrenovering As melder til todalen.no i dag at Svinviktunnelen vil bli delvis stengt i morgon fredag, måndag og tysdag frå 8.00 til 18.00. Perioden kan bli kortare om arbeidet går radigt, dette vil bli orientert om undervegs. Anton Brusethaug seier at tunnellen vil bli stengt opp i mot ein time i gongen, men dette vil […]
Les heile saka
Todalen Historielag har alt starta arbeidet med årsskriftet for neste år. Eit tema som vik bli i fokus i neste årsskrift er gamle kjørty, – bilar, traktorar og motorsyklar. Historielaget vil i samband med dette etterlyse gamle bilete av slike kjørety frå Todalen, som vi kan skanne og bruke i årsskriftet.
Les heile saka
Etter langtidsvarselet på yr.no blir det kaldvêr heile veka, og langt uti neste veke. Etter meldingane blir det kaldast torsdag, da det meldes om -12 grader. Det har og vore kaldt i helga, med temperaturar rundt -10 til -12 grader. Natt til måndag var det minimumstemperatur på -12,9 grader på Skogly, og dermed den kaldaste natta hittil i vinter. Men den rekorden står kanskje for fall i løpet av veka.
Les heile saka
Kva gjer ein frossen organist når bilen punkterer i tidsklemma mellom to lysmesser ein desemberkveld? Søndag vart eg skikkeleg opprådd. Men uhellet skjedde heldigvis attmed julegrantenninga i Todalen, og der er hjelp og omtanke aldri langt unna. Ola Einar, Knut og fleire sprang seg til, jekka, skruva – og på eit blunk var reservehjulet på […]
Les heile saka