Alt på nittitalet starta Eiksenteret med «Vårtreff», der dei inviterte sine kundar til butikken i Industrivegen for å vise fram aktuelt utstyr – før våronna starta for fullt. I år er treffet litt prega av det store byggeprosjektet som Eiksenteret er i full gang med.
Les heile saka
Svinviks arboret i samarbeid med Surnadal hagelag inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 7. mai klokka 18:00. På årets vårdugnad er det kvistrydding og lukearbeid som er mest aktuelt.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 26.04 i tida kl. 13:00 -16:00 i Sanitetshuset. Vel møtt!
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til dugnad på kyrkjegarden komande måndag 28. april frå kl 18:00 og utover. Da skal vi pynte opp både utvendig og innvendig, fortel Borghild Talgø som er leiar i Todalen sokneråd. Derfor oppfordrar ho til å ta med høveleg utstyr både til hagearbeid og reinhald inne.
Les heile saka
Det er Kjell Gunnar Polden som lurar på om du eller nokon annan har mista ein hjulmutter. Den vart funne på vegen utafor Hett & Svett/Talgø, og han oppfordrar deg som har skifta hjul til å sjekke om det kanskje er fleire lause muttrar. Det kan være skikkeleg skummelt å miste hjul – ta ein sjekk om det er frå din bil. Det er faktisk ein god rutine å ettersette hjulmuttrane etter hjulskifte!
Det høyrer med til historia at det tok berre nokre få minutt før «muttereigaren» meldte seg til finnaren!
Til høsten blir det Yogakurs for nybegynnere på Atleta i Surnadal. Da ønskes du velkommen til nok et yogakurs med Eli Vullum Kvande (SOL. Pop-up yoga) og Marit Dalsegg Bruset som intruktører.
Les heile saka
Etter ei hektisk påske med opning av nytt bakeriutsal og mykje besøk, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal fredag 25. april frå klokka 12:00 – 17:00. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen til helga.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder at no er det tid for salg av maiblomster: maikrans, enkel maiblomst og bilblomster. Inntektene går til arbeid for barn og unge i Norge.
Les heile saka
I samband med utbygginga av ny kraftline mellom Surna og Viklandet kraftstasjonar, inviterer Statnett til ope informasjonsmøte på Thon Hotel Surnadal onsdag 23. april klokka 18.00.
Les heile saka
Styret i Nordvik Grendalag minner om dugnaden sin i Nordvik forsamlingshus og på Øygarden i morgon, tysdag 22. apirl klokka 18:00. Forsamlingshuset skal vaskast, og på Øygarden skal gjerdet ved fotballplassen reparerast. Ta derfor med høveleg utstyr, er oppfordringa frå grendalaget.
Les heile saka
Friluftsgudstenesta har lang tradisjon i Todalen – først i mange år på Haugligardane og no i fleire år på Tjønnmyran, slik som i dag. Og tradisjonen er mesta like lang med finvêr på 2. påskedag, sjølv om det kom 4-5 småe regndropar da folk var på tur oppover bakkane til Tjønnmyran. Men dei vart aldri meir enn nokre få. Eit femtital fann vegen til friluftsgudstenesta på Tjønnmyran i dag, og det vart ein triveleg dag, sjølv om sola glimra med sitt fråvær – det var god temperatur og omtrent ikkje vind, og da blir det da bra.
Les heile saka
Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?
Les heile saka