Søndag 18. mai er det tid for årsmøte i Søya og Todalen skytterlag. Det skjer i lokalene til Vang skiarena på Kvanne, og startar kl 19:00. På agendaen står vanlige årsmøtesaker som hører årsmøtet til. Saker som ønskes tatt opp på årsmøtet må varsles nestleder Odd Magne Haugen innan 11 mai. Enkel servering.
Todalshytta gjentar suksessen frå i fjor, og byr på en godbit frå kjøkkenet som det går an å kose seg med. I år som i fjor er det basturøkt lammelår frå Storlidalen som står øverst på menylista, men kjøkkenet byr også på andre ting dersom det fristar meir.
Les heile saka
Vi seglar i medvind og vi har så mange som seier ja når dei blir spurt… Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag var var raus med ros i dag da laget feira medlem nr 30.000 i nasjonalforeninga på landsbasis – medlem nr 30.000 vart nemleg Reidun Dønnem Nerland som vart verva for nokre dagar sia. Liv og gjengen ho har med seg i demensforeninga har gjort ein kjempejobb med verving av nye medlemar – no er dei 364 medlemar i Surnadal, og dei er nest største foreninga i Noreg. Berre Oslo by har fleire.
Les heile saka
Måndag kveld arrangerte soknerådet dugnad for å rydde opp etter på kyrkjegarden før det skal arrangerast konfirmasjon. Samtidig var det ei gruppe som sørga for ein kjapp runde med rundvask for å få ut vinteren frå kyrkja. Som vanleg var det bra deltaking på dugnaden, og sjølvsagt var det dugnadskaffe til heile gjengen etterpå.
Les heile saka
Styret i Nordvik Grendalag melder at den planlagte dugnad på leikeplassen i Sollia tysdag 29. april, på grunn av vêrmeldingane, blir utsett på ubestemt tid!
Les heile saka
Stavganggruppa til pensjonistforbundet i Surnadal startar vårprogrammet komande onsdag, 30. april i Bøfjorden. Da er det Steinholmlia som er målet, og starten går frå Settemsøra, der det er plass for parkering. Da er alle velkomne til å bli med, og du blir oppfordra til å ta med ein turvenn. Den første turdagen er altså på ein onsdag, men vidare gjennon sesongen er det torsdag som er turdagen for Stavganggruppa, seier Wenche Kvendset til Todalen.no.
Les heile saka
Todalen Idrettslag sitt driftsstyre for Bordholmen arrangerer vårdugnad på Bordholmen stadion onsdag 30. april klokka 17:00 – 19:00. På vårdugnaden skal idrettslaget sitt anlegg på Bordholmen gjerast klart og presentabelt til ein ny sommersesong med mykje aktivitet.
Les heile saka
Todalen båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte fredag 16. mai kl 17. Årsmøtet blir halde i båthamna dersom det blir brukbart vêr – alternativ blir møtet flytta til kantina i 2. etasje på Talgø, melder styret i båtforeninga.
Bla vidare, så finn du sakliste og fullstendig innkalling som er lagt ut.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turen blir etter Toåa tursti.
Les heile saka
Første mai braker det løs med hele 620 turmål i vår region. I friluftslivets år oppfordrer vi alle våre innbyggere til å være ekstra mye ute. Bruk Stikk UT!-turene til å samle på fine naturopplevelser!
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte Statnett alle interesserte til informasjonsmøte om den nye kraftlina mellom Surnadal og Sunndal kommunar. Bakgrunnen er at Statnett har fått konsesjon av NVE til å bygge ei ny 47 kilometer lang 420 kV kraftline mellom Surna transformatorstasjon i Surnadal kommune og Viklandet transformatorstasjon i Sunndal kommune.
Les heile saka
Matkroken Todalen søker no etter butikkmedarbeidar i rundt 70% stilling. Så har du lyst til å arbeide i butikk med varierte arbeidsoppgåver, så er det berre å sende inn ein søknad!
Les heile saka