Torsdag ettermiddag starta Viastukyrne sommarsesongen, og det vart jammen maykje hopp og sprett på stive fota. Det var nok godt å kome ut i sola og dufta av nygrøå etter 9 månader i fjsøset. Rett nok har dei ikkje stått på bås, for Ola Kvendset har investerti nytt moderne fjøs for lausdrift og med mjølkerobot for nokre år sia
Les heile saka
Telia er utan signal i Todalen. Nettet til Telia mobil har vore ute sia laurdag føremiddag på grunn av oppgradering av basestasjonen i Todalen. Dette arbeidet vil pågå heile helga, og blir avslutta tidlegast søndag kveld eller måndag.
Les heile saka
Torsdag er treningsdag for knøttelaget i Todalen. Gårsdagens trening starta litt annleis sidan leiar i fotballgruppa hadde utfordra dei til å plukke søppel frå Bordholmen og på baksida av fabrikken i løpet av våren. Og med ein gjeng ivrige og lettbeinte ungar vart bilen til fotballeiar Knut fyllt opp med alskens skrot på ein stor halvtime.
Les heile saka
Godt oppmøte pregar årets stavgangsesong – torsdag var det over 40 som deltok da Pensjonistlagets stavganggruppe treftes på Årnes. På Årnes var det som vanleg ein trimtur i nærmiljøet, der den enkelte sjølv kunne bestemme mål og retning, og kanskje berre nyte finvêret.
Les heile saka
Da er også programmet for feiringa av nasjonaldagen på Nordvik klart. Programmet startar med tradisjonelt folketog frå Oppistua og innover til forsamlingshuset. Vidare blir det tale for dagen og servering av sodd og anna mat før arrangementet fortsett med leikar på Øygarden stadion.
Les heile saka
No er programmet klart for feiring av nasjonaldagen i Todalen. Feiringa er basert på tradisjonelle element, og startar kl 10.00 med biltog, og fortsett med frukostservering på Bordholmen rett etterpå ca kl 11. Etter ein kort pause er det på’n igjen, med gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14.30, og folketog frå kyrkja og til skulen, der det blir servering av sodd, litt program og tale for dagen.
Les heile saka
Tidlegare annonsert prøving av Todalen IL sine klubbjakkar er dessverre utsett ei veke da forsendelsen frå Danmark er forsinka.
Torsdag fikk vi være med gjengen på Rossåa settefisk på utsetting av smolt i Toåa. Føler egentlig at vi har fått være med på heile livssyklusen til smolten som vart «sendt ut på livet» i dag, for vi har vært med både på stamlaksfiske, gentesting, stryking, merking av smolt og ikkje minst kontroll gjenfangst av merka laks. Veldig artig og lærerikt, tykkjer vi. Men i går var det altså smoltutsetting som stod på programmet.
Les heile saka
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet.
Les heile saka
I helga opnar Svinviks Arboret porten for ein ny sommarseong. Den siste månaden har dei tilsette jobba for å få i stand alt til opninga, og onsdag kveld var det dugnad saman med hagelaget for å få unna den siste finpussen.
Les heile saka
Denne veka skal Oslofirmaet OneCo fullføre oppgraderinga av basestasjonen i Todalen. Basen ligg på Halset, og i disse dager blir altså alt utstyret skifta ut med nytt, slik at det blir ein topp moderne basestasjon som skal forsyne Telias kunder med telefon og datasignal som oppfyller dagens krav.
Les heile saka
Det såg lenge ut til at fjorårets andeløp i regi av av Laksefestivalen vart det siste. Lotteritilsynet nekta nemleg å godkjenne Norsk Laksefestival som lotteriarrangør, da dei ikkje driv heilårsverksemd. På ein pressekonferanse i går vart det imidlertid klart at det populære andeløpet vil fortsette, men at Surnadal Jeger- og Fiskeforening tek over – og vidarefører arrangementet, fortel Ragnar Halle i SJFF.
Les heile saka