I disse dager er Stangvik historielag på banen med nytt årsskrift for 2017. Som vanleg byr årsskriftet på variert historisk materiale frå det området dei famnar – gamle Stangvik kommune. Dette er no samla mellom to permar på tilsaman 56 sider i ei flott trykksak som blir delt ut til medlemane i Stangvik historielag og som elles er til sals til andre som ønskjer å kjøpe heftet.
Les heile saka
Endeleg vart det kaldt nok til å islegge asfaltplassen på Bordholmen. Nokre dagar med kuldegrader er nok til at Todalen I.L. har laga ein fin isbane på Bordholmen, og dermed var aktiviteten alt i gang med ishockeyskeiser og køller.
Les heile saka
Måndag kveld var det full guffe med snøproduksjon i alpinsentret i Sæterlia. Kjærkomne kuldegrader sørga for gode forhold til snøproduksjon, så dersom kaldvêret fortsett utover veka så ligg det vel an for sesongopning i Surnadal Alpinsenter etter som vi forstår. Det er meldt kaldvêr til og med fredag, men så kan det bli eit par […]
Les heile saka
Laurdag 2. desember kl 16.30 blir det julegateopning ved Matkroken i Todalen, og kanskje så kjem nissen også?
Les heile saka
Det dunstar av filmhistorie når Hallvar Witzø kjem på «torsdagstreff» på Surnadal kulturhus 30. november kl. 1300.
For det er vel ingen norsk filmregissør som har hatt slik uttelling som Hallvar. Han har laga to (kort)filmar: den eine vann Student-Oscar og var nominert til sjølve Oscar-prisen – og den andre var nominert til Gullpalmen i Cannes.
Les heile saka
Førstkommande laurdag blir det strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile saka
Søndag var det domssøndag, og familiegudsteneste i Todalen kyrkje. På denne dagen var det også utdeling av 4-årsboka som nærast er ei «arbeidsbok» for 4-åringane som eit ledd i trusopplæringa i kyrkja.
Les heile saka
Søndag 26. november kl 11 blir det familiegudsteneste i Todalen kyrkje. Da blir det utdeling av 4 og 6-årsbok, og takkoffer til trusopplæringa. Prest under gudstenesta blir Bjørn Hovde. Etter gudstenesta blir det kyrjekaffe.
Laurdag er Isak Drøpping på plass på Matkroken for å selge Surnadal I.L.s alpingruppes julekalender. Inntekta frå salet går til drift av alpinggruppa og for å halde prisane nede på heiskorta.
Les heile saka
Jul på Nordmøre har ein lang tradisjon i vår julførebuing. No er årets hefte kome i salg – årgang nummer 82. Skriftstyret er stolt av produktet, og håpar sjølvsagt at mange vil kjøpe årets hefte.
Les heile saka
Surnadal golfklubb kaller inn til ekstraordinært årsmøte 27. november.
Les heile saka
Hamnes gard i Surnadal ønsker velkommen til julemarked i fjøset lørdag 25.november og søndag 26. november. Nytt i år er kunstutstilling med gjesteutstiller Tanja Heggem med maleri.
Les heile saka