Måndag 26. februar kl. 19.30 arrangerer Surnadal kommune ved viltnemnda vilt og utmarkskveld i Svorkasalen på Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Måndag 26. februar kl. 19.30 arrangerer Surnadal kommune ved viltnemnda vilt og utmarkskveld i Svorkasalen på Surnadal kulturhus.
Les heile sakaPå Pakkhuset kro på Todalsøra er det open pub laurdag kveld frå kl 20:00 og utover kvelden. Ta en tur på puben på Todalsøra, og treff gamle venner i triveleg selskap. Puben har alle rettigheter!
Fredag er vegen i Falla tidvis stengt. Det er Vatn Maskinstasjon som jobber med å få på plass siste rest av steinmuren og som no driv og fyller opp bak muren. Dermed blir det litt ventetid mellom kvart lass, men det dreier seg om kanskje 10-15 minutt for kvart lass.
Les heile sakaØygardshalsen er eit av dei seks turmåla i Stikk UT! Ski i Surnadal kommune. Dette er ein fin tur i ganske flatt terreng og er familievenleg. Turen startar frå klubbhuset til Søya på Vang.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal og Rindal vil gjerne invitere til korte samlingar med enkel liturgi, sang og bønn tilknyttet fastetida. Oppstart var tysdag 20.februar, men det blir tre til dei påfølgande tirsdagane frå kl.18.00 til 18.30 på kyrkjelydshuset der ein førebur seg på påskehøgtida.
Les heile sakaSnart er det stavgangsesong i regi av Surnadal pensjonstlag. Men før dei ventar på sesongstarten er dei invitert kvar onsdag kl 1100 til Trudvang for litt opptrening under leiing av fysioterapeut. Etterpå blir det høve til å kjøpe både kaffe og bakels!
Les heile sakaTysdag 27. februar blir det filmkveld i Ungdomshuset. Todalen historielag er arrangør, og Svein Åge Saksen viser film frå eit rikhaldig arkiv. Filmframsyninga startar kl. 19.30.
Les heile sakaDei siste åra har det vore lagt stor vekt på at trim og bruk av naturen gir god helseeffekt og livskvalitet for folk. Dette har det faktisk vore lagt stor vekt på i Todalen også, mellom anna har trimgruppa i Todalen I.L. vore aktiv og har i mange år hatt fleire trimpostar som har vore populære og mykje bruka. Sist sommar rydda Elinor Bolme og Carsten Bohle ein sti langs elva Toåa, frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua. Dette skjedde i nært samarbeid med grunneigarane på strekninga.
Les heile sakaTodalen sokneråd har fått Vipps og det er no mogleg å gje både takkoffer og pengegåve til soknerådet med Vipps. Todalen sokneråd finn du enten ved søk i Vipps eller ved å bruke kode 506908.
Les heile sakaMåndag var vi på besøk i Nordvik forsamlingshus, der ein gjeng var i gang med hogstkurs. Første dagen var det teori, med opplæring i hogstteknikk og stell av motorsag. Dei to siste dagane bar det ut i skogen for å praktisere det dei har lært og for å øve inn den rette teknikken.
Les heile sakaFørstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile sakaKomande søndag, 25. februar, er det 2. søndag i fastetida. Da er det tillyst gudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Kristin Strand som liturg. Etter gudstenesta blir det årsmøte for Todalen sokn. Takkoffer til Kyrkjebladet.
Les heile saka