LL Drift melder no om auke i sin portefølje innan eigedom og kjøpesenter og treng derfor enda fleire dyktige medarbeidarar. Dei lyser derfor i desse dagar ut to nyoppretta stillingar innan økonomi og forvaltning.
Les heile saka
LL Drift melder no om auke i sin portefølje innan eigedom og kjøpesenter og treng derfor enda fleire dyktige medarbeidarar. Dei lyser derfor i desse dagar ut to nyoppretta stillingar innan økonomi og forvaltning.
Les heile sakaVi har tidlegare skreve om orgelet i Todalen kyrkje som no er under oppussing, og at det vart starta opp kronerulling for å dekkje vedlikehaldsbehovet. Anders Gjeldnes i Todalen sokneråd kan no fortelje at det så langt er komme inn i underkant av 25 000 kroner til formålet frå ulike hald i bygda, kor Todalen Historielag har bidrege med heile 20 000 kroner av desse.
Les heile sakaSurnadal Golfklubb minner sine medlemmer om årsmøtet førstkommende lørdag kl 19:00 på Thon Hotel Surnadal.
Les heile sakaLeiar i Todalen I.L. ber om at den som har teke vare på lagets startpistol kan gi eit lite signal, da den skal brukast på fellesstarten for randonee på Kårvatn i helga. Har du den heime hos deg så meld frå til Nils Ove Bruset på telefon 970 81 093 så snart som mulig!
Måndag 18. februar kom med nydeleg ver; sol og mild vind – eit lite streif av vår! På Kvennsetgarden har dei no lang solgang, og i dag gjekk heile Kløverturen i sol.
Les heile sakaBibliotekar Karen Johanne melder at biblioteket dessverre ikkje er ope i kveld, måndag 18. februar. Men neste måndag er det vanleg opningstid. Vel møtt til boklån måndagskveldane frå kl 18.00 – 20.00!
Les heile sakaPå laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung. Og aktivitet blir det i massevis kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.
Les heile sakaSanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 18. februar. Oppmøte ved Hals, turstart kl. 11.00. Yr melder godt ver, kanskje sol til og med! Turrute blir bestemt ved oppmøte, denne gongen skal det vere tur utan glatt underlag.
Les heile sakaNorges Skiforbund stod som arrangør av randonée trenarkurs på Kårvatn i Todalen i helga. Trenarkurset samla 18 deltakarar fra heile landet, og sågar eit par svensker deltok i kurset som hadde base på Kårvatn, og som bruka både Dalalia og uteområdet ved Dalahaugen til «klasserom». Ove Erik Tronvoll var instruktør og han er nok godt kjent frå skimiljøet og har mange kjente namn på blokka si.
Les heile sakaDet er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi kallar derfor våre bedrifts- og organisasjonsmedlemmar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 6. mars kl 19.30. Personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått.
Les heile sakaPå laurdagar er det alternativ distribusjon på aviser, og da er det Tedros Haile som har jobben med å distribuere avisene i Todalen. Det har han gjort eit år no, og han trives godt med den jobben, som han for øvrig utfører for distributørselskapet Easy2you.
Les heile sakaDet var ein humørfylt gjeng som var samla på Todalshytta på dugnad i helga. Dugnadsgjengen til KNT er viden kjent for sin dugnadsinnsats, og no er det altså Todalshytta som får nyte godt av innsatsen. I løpet av våren skal Todalshytta få ei skikkeleg renovering både utvendig og innvendig. Ein del ting er alt på plass, slik som reparasjon av alle vindu og legging av nytt tak. I vinter har det vore skifta ut nokre råtne stokkar i tømmerveggen og bygd nytt byslag over hovudinngangen. No startar arbeidet innomhus…..
Les heile saka