Fredag kom det 7.500 nye og kjønnssorterte Todalingar til Pestua gard. At kjønnssorteringa skjer før egga blir ruga er siste nytt i bransjen, og dette er det første innsett her på Nordmøre og kanskje i heile fylket, seier Erling Brenne i Trøndelag kyllingoppdrett som er leverandør av verpeklare høner til Pestua Gard og Anders A. Karlsen.
Les heile saka
Laurdag 1. november er den store kinodagen på Surnadal kino, da er det nemleg to førpremierar på kinoen. Kinoane sin høgtidsdag er første laurdagen i november kvart år, som altså i år fell på den 1. november. Agnet for å få folk på kino er «halv pris», og er ikkje det tilstrekkeleg for å få napp, så bit sikkert mange på kroken når dei høyrer at Surnadal kino kan freiste med to førpremierar og ein sterk dokumentar!
Les heile saka
Torsdag kveld samla Svarrabærje Teaterlag fullt hus til premieren for jubileumsrevyen «Storfemti» i Surnadal kulturhus. No er det berre nokre få plassar att på dei to neste førestillingane som går fredag- og laurdags kveld. Etter ein vellukka generalprøve onsdag kveld var revygjengen spente på publikums dom før førestillinga i kveld.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekeffe laurdag 1. november i tidsrommet frå kl. 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.
Les heile saka
I september arrangerte P-17 koret, saman med kora Basarensemblet frå Kristiansund og Kvammeratene frå Molde, konsert songkveld i Todalen ungdomshus, der inntekta gjekk til eit brønnprosjekt i Gambia. Brønnen vart den kvelden kalla for «Todalsbrønnen», og det kom inn nok pengar til å få bygd ferdig brønnen.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune, som også er lagt ut på surnadal.kommune.no, blir det kunngjort at Øyabrua i Pilskarvegen frå og med fredag 31. oktober blir midlertidig stengt for all ferdsel, inkludert gåande. Dette skjer ifølge pressemeldinga etter siste befaring av brua no i oktober.
Les heile saka
Torsdag 20. november klokka 19:00 inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til sesongavslutning på Hammerstuene. Her blir det servert Lulens gryterett, dessert og kaffe.
Les heile saka
Svarrabærje Teaterlag er ferdig med siste øvingshelg til jubileumsrevyen Storfemti, så komande torsdag er det klart for premiere. Det skal kjørast 3 førestillingar, – torsdag, fredag og laurdag, – men bilettsalet har gått strykande, så skal du ha billett til årets revy så må du ikkje vente for lenge.
Les heile saka
Kveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag kl. 19:30. Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund frå kl. 18:30. Soknerådet inviterer til yrkjekaffe etter gudstenesta. Har du eller nokon du kjenner mista nokon?
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 27. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Sist onsdag hadde Pensjonistforbundet Surnadal invitert til nok eit medlemsmøte. Anne-Sissel Ulven Mogstad har sendt oss ein liten rapport frå medlemsmøtet ein kan lese nedanfor:
Les heile saka
To norske filmar på surnadalskinoen i helga: ein basert på ei klassisk barnebok, den andre blir ein klassikar for dei meir vaksne.
Les heile saka