Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget – søndag er det tid for bokslepp

Jon Olav Ørsal Måndag 3. november 2025

Todalen historielag er godt i rute med årsskriftet for 2025, og inviterer på bokslepp i Todalen ungdomshus søndag 9. november kl 15:00.   Årets hefte har 84 sider med mykje godt og variert stoff, som er presentert på ein fin måte.  Leiar John Moe tykkjer det er bra at dei har klart å rekruttere ein ungdommeleg redaktør, som fekk Endre Talgø på trua til å ta jobben. 

Les heile saka

Kåring av månadens bilete oktober

Guro Redalen Måndag 3. november 2025

Amy stoppa ikkje kaffekokinga nei, og det gjorde ikkje fotografane i Todalen heller. No kan du røyste på månadens bilete – frå haustgull og kveldshimmel til nordlys og røsslyng.
Røystinga er open til måndag 10. november ved midnatt.

Les heile saka

Statistikk og vinnarar «På tur i Todalen 24/25»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 3. november 2025

Tala frå Turpoengappen for «På tur i Todalen 24/25» viser at det totalt var 76 deltakarar som sjekka inn 5 569 gonger på dei 27 turmåla. Det var også nokre fleire registrerte deltakarar, men dei hadde ingen innsjekk og er difor ikkje teke med i statistikken. 

Les heile saka

Tente lys for dei som hadde gått bort

Jon Olav Ørsal Sundag 2. november 2025

Søndag kveld var det allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje, der ein kjem saman for å minnast dei som har gått bort i løpet av det siste året.  Borghild Talgø som er soknerådsleiar ønska velkomen til alle og spesielt til etterlatte som var invitert til å ta del i minnegudstenesta.  Liturg var prost Vidar W. Rygh, som hadde med seg kateket Aud Brynhild Indset og organistvikar Bodil Kvam Åsbø under gudstenesta.

Les heile saka

Hageland dreg i gang ein ny julesesong

Jon Olav Ørsal Sundag 2. november 2025

Måndag 3. november går startskotet for ein ny julesesong på Hageland Surnadal.  Sia starten i 2013 er det altså 13. gong at julelysa tennes og julehandelen er i gong for alvor.  Og aldri har det vel vore større utval i julevarer enn det er i år – mellom anna kan vi skilte med norges største utval i kunstige juletre – både store og små og med og utan julelys, seieer Anita Talgø som er butikksjef på hagesentret.

Les heile saka



ReMidt sin tømmekalender for november og desember lagt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. november 2025

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og pappemballasje, plast og matavfall, for november og desember 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for januar og februar 2026 blir lagt ut rundt nyttår.

Les heile saka



Frå Skogn til Todalen med 7500 nye Todalingar

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. november 2025

Fredag kom det 7.500 nye og kjønnssorterte Todalingar til Pestua gard. At kjønnssorteringa skjer før egga blir ruga er siste nytt i bransjen, og dette er det første innsett her på Nordmøre og kanskje i heile fylket, seier Erling Brenne i Trøndelag kyllingoppdrett som er leverandør av verpeklare høner til Pestua Gard og Anders A. Karlsen.

Les heile saka