Første måndagen i november var det sol frå klår himmel, vindstille og heilt nydeleg turver.
Les heile saka
										
										Første måndagen i november var det sol frå klår himmel, vindstille og heilt nydeleg turver.
Les heile saka
										Todalen historielag er godt i rute med årsskriftet for 2025, og inviterer på bokslepp i Todalen ungdomshus søndag 9. november kl 15:00. Årets hefte har 84 sider med mykje godt og variert stoff, som er presentert på ein fin måte. Leiar John Moe tykkjer det er bra at dei har klart å rekruttere ein ungdommeleg redaktør, som fekk Endre Talgø på trua til å ta jobben.
Les heile saka
										Amy stoppa ikkje kaffekokinga nei, og det gjorde ikkje fotografane i Todalen heller. No kan du røyste på månadens bilete – frå haustgull og kveldshimmel til nordlys og røsslyng.
Røystinga er open til måndag 10. november ved midnatt.
										Tala frå Turpoengappen for «På tur i Todalen 24/25» viser at det totalt var 76 deltakarar som sjekka inn 5 569 gonger på dei 27 turmåla. Det var også nokre fleire registrerte deltakarar, men dei hadde ingen innsjekk og er difor ikkje teke med i statistikken.
Les heile saka
										Søndag kveld var det allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje, der ein kjem saman for å minnast dei som har gått bort i løpet av det siste året. Borghild Talgø som er soknerådsleiar ønska velkomen til alle og spesielt til etterlatte som var invitert til å ta del i minnegudstenesta. Liturg var prost Vidar W. Rygh, som hadde med seg kateket Aud Brynhild Indset og organistvikar Bodil Kvam Åsbø under gudstenesta.
Les heile saka
										Måndag 3. november går startskotet for ein ny julesesong på Hageland Surnadal. Sia starten i 2013 er det altså 13. gong at julelysa tennes og julehandelen er i gong for alvor. Og aldri har det vel vore større utval i julevarer enn det er i år – mellom anna kan vi skilte med norges største utval i kunstige juletre – både store og små og med og utan julelys, seieer Anita Talgø som er butikksjef på hagesentret.
Les heile saka
										Søndag er det allehelgensgudstenester i kyrkjene. Midt i vemodige minne om dei vi har mista, tenner vi lys for håpet.
Les heile saka
										Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 3. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
										Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og pappemballasje, plast og matavfall, for november og desember 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for januar og februar 2026 blir lagt ut rundt nyttår.
Les heile saka
										Todalen sanitetsforening inviterte til strikkekaffe første laurdagen i november. Oppmøtet var riktig godt.
Les heile saka
										Todalen Idrettslag ønsker å seie tusen takk for minnegåva idrettslaget fekk i samband med Nils Øyen sin bortgang 7. oktober i år.
Les heile saka
										Fredag kom det 7.500 nye og kjønnssorterte Todalingar til Pestua gard. At kjønnssorteringa skjer før egga blir ruga er siste nytt i bransjen, og dette er det første innsett her på Nordmøre og kanskje i heile fylket, seier Erling Brenne i Trøndelag kyllingoppdrett som er leverandør av verpeklare høner til Pestua Gard og Anders A. Karlsen.
Les heile saka