I dag er det sesongdebut for Skyrunsesongen og VM-uttaking i Bergen med to deltakarar frå Trollheimen fjellsportklubb. Det er Erik Kårvatn og Isak Drøpping som deltek frå klubben i dag, og dei har begge sikra seg gode resultat. Isak vann klassen sin (Y M 06-07) og Erik sikra seg 2.-plass i U23, der han er førsteårs løpar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 29. april. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
For et års tid ble det jobbet med et opplegg for lokal beredskap for Todalen – et bredt samarbeid mellom bedrifter, lag og organsisjoner. Leder i Todalen sanitetsforening Solveig Glærum skriver i en pressemelding at det er på tide med eventuell revidering – spesiel at Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap ønsker å skjerpe kravet til egenberedskap fra 3 til 7 dager:
Les heile saka
Første mai er det klart for Stikk UT! sommar. I Surnadal er det 13 turmål i år, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med i turopplegget.
Les heile saka
AR Sjømat AS frå Kristiansund vil måndag 29. april, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk.
Les heile saka
Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen Elveeigarlag. 13 grunneigarar møtte, 3 av dei digitalt i flotte møteromsfasiliteter på Gammelfabrikken. Leiar Stig Husby var møteleder – Stig orienterte i si årsmelding om eit svært aktivt arbeidsår for styret i laget, med mange styremøter og arbeidsmøter, og mange dugnadstimer lagt ned både for styret og grunneigarar.
Les heile saka
I kveld var det årsmøte i Todalen bøgdalag, og knappe 10 medlemmer møtte opp. Årsmeldinga viste at aktiviteten i året som har gått har vore på det jamne, med ryddedugnad, pynting av julegate, litt el-sykkelutleige og behandling av aktuelle saker isom er viktige for Todalen.
Les heile saka
Jon Ola Romundstad og Bjørn Sæterbø har den siste tida snekra saman 2 messesutstillingar som dei har montert den siste veka – den eine i Exporama på Hellerud og den andre på Nova Spektrum – tidlegare Norges Varemesser. Dei to er internsnekkarar hos Talgø, Jon Ola Romundstad er påtroppande og ny i gamet og Bjørn Sæterbø er avtroppande og egentleg nybakt pensjonist.
Les heile saka
Førstkomande fredag, 26. april, blir det salg av maiblomster og lodd ved Matkroken i tidsrommet 10:30 – 16:30.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) arrangerte for første gong jakt- og fiskeskule i 2023. Dei gjentek suksessen frå i fjor, og har i år i tillegg teke med noko, samstundes som innhaldet er betra. Jakt- og fiskeskule (JOFS) er eit fritidstilbod for barn- og ungdom. Tilbodet består av fleire forskjellege aktivitetar som skal bidra til å skape eit levande lokalt miljø.
Les heile saka
Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir enkel servering.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterte til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. april. Da Elinor Bolme ønskte vel møtt, var aulaen på Surnadal vidaregåande skule rett og slett stappfull! Dette var heilt klart eit tema som engasjerer og er av stor interesse.
Les heile saka