Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli kjent med Sunniva på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 3. juni 2022

Når Todalshytta opna 1. juni, var Sunniva på plass i restauranten og på kjøkkenent.  Sunniva Hegg-Lunde er frå osterøy, men har gått på Nordmøre Folkehøgskule i vinter.  No i sommar skal ho tene til livets opphald på Todalshytta fram til utgangen av juli.  

Sunniva fortel at ho har hatt eit kjempefin år på NOFO, der ho har gått på kampsportlinja.  Ho hadde litt erfaring med kampsport frå heimplassen Osterøy, og hadde lyst til å kome litt vidare gjennom eit år på NOFO.  

Sunniva gler seg til å ta i mot gjestar på den nye terrassen ved Todalshytta i sommar. Foto Jon Olav Ørsal

Ho deltok saman med klassen sin på eit matkurs på Todalshytta, og dermed var ikkje vegen lang for å søke på sommarjobb.  No er ho altså i gang, og skal være både i restauranten og på kjøkkenet i sommar – og er jublande glad for at ho smatt gjennom nålauga for å få jobben. 

Tidlegare har ho hatt sommarjobb ved Borgund Stavkyrkje som guide og sommarhjelp.  Du kan berre spørre Sunniva om stavkyrkje så kan ho kan ho «dosere» i 4 timar om det temaet.  Elles har ho erfaring frå kjøkkenteneste på Nofo, så ho fann seg raskt tilrette på kjøkkenet på Todalshytta. 

Som sagt opna Todalshytta sin restaurant 1. juni, og her vil du ha rikeleg med tid til å bli kjent med Sunniva fram til utgangen av juli. 

Den nye terrassen på Todalshytta. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. juni 2022, 09:00