Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opnar til full blomstring i arboretet

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. mai 2024

Det fine sommarvêret dei siste dagane har gjeve ein «flying start» for rododendronblomstringa og fruktblomstringa i Svinviks arboret.  Fruktblomstringa  i frukthagan nærmer seg toppen, og er finare enn nokon gong, medan rododendronblomstringa også er godt i gang.  I deg på pinseaftan 18. mai er det sesongopning i arboretet, og Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarlag i arboretet fortel at det har vore ein travel innspurt mot opninga

Les heile saka


Stavgangarane med finvêrstur til Haltbakken

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. mai 2024

I forgårs, altså på torsdag, hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Haltbakken. Det vart parkert på Nordvik, og gått derifrå og utover til Haltbakken. 

Les heile saka

Landslagsuttaket 2024/2025 – Erik fortsett på landslaget!

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. mai 2024

Det er no klart at at Erik Kårvatn fortsett på landslaget for Randonee også i sesongen 2024/2025. Norges Skiforbund Randonee har no gjort sine uttak og Erik er altså med i planene til landslagets satsing fram mot OL i Milano-Cortina i 2026. 
Uttak til juniorlandslaget er også klart – her har både Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fått plass for sesongen 2024/2025.

Les heile saka

Nasjonaldagsfeiringa på Nordvik vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. mai 2024

I tradisjonen tru hadde Nordvik Grendalag invitert nordvikgardingane mai-feiring i Nordvik forsamlingshus. Rundt søtti møtte opp til feiringa av 17. mai, og dei fekk vere med på eit variert og innhaldsrikt program. 

Les heile saka

Markerte nasjonaldagen med gudsteneste

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2024

Medan kvikksølvet varierte mellom 25 og 27 varmegrader på gradestokken var det kanskje naturleg at folk fann seg ein skuggefull plass i staden for å gå i kyrkja på gudsteneste.  Men eit 40-tal hadde da funne vegen til dagens gudsteneste som starta kl 14:00 og som var ein del av programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen

Les heile saka

Kjempefin dag for feiring av nasjonaldagen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2024

Med blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen.  Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før.  Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.

Les heile saka


Kaffelag med donert marsipankake

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2024

Da Todalen bygdelag arrangerte påskequiz vart andrepremien som var ein pengepremie donet til Kaffekroken.  I dag troppa Svein Håvard Brøndbo opp med marsipankake til gjestane i Kaffekroken, og da var det sjølvsagt «førstemann til mølla», der det vart kakeservering til dei som var på rett plass til rett tid – og det var Eivind Grønmyr og Ragnar Halle som var først ute. 

På bilder sørger leiar i Todalen Bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo, for servering da Matkronen opna butikken i dag tidleg.  


Vårsøghelga – heidrar Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

I ei pressemelding frå Vårsøghelga no på føremiddagen, blir vi informert om at søndag 26. mai klokka 12:00, blir ei markering av Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin, som båe ville ha fylt 100 år i 2024. Dette skjer på på Åsen bygdemuseum. Billettar blir selt ved inngangen, og kostar kroner 150,-.

Les heile saka


Biltog og 17. maifrokost

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja. 

Les heile saka