Det var god stemning på skihytta og over 40 personar besøkte hytta på Ørsalfjellet. Hyttekomiteen hadde diska opp med både kaffe og nystekte bakels og varme pølser. Det var omtrent vindstille og folket kosa seg både på terrassen og ut på plattingen framfor hytta. Det har de siste dagane vore såpass kaldt at det var godt føre og folk kom både opp Haukålia, Øyalia og utover frå Innerdalsmerket.
Vi har fått bilder frå hyttesjefen sjøl – Terje Nordvik og frå Ivar Helge Kvendset som var rennleiar for Kjerringdilten. Bilda finn du i galleriet nedafor.
Og nedafor har vi lagt ut resultatlista – Idealtida var 14.00 og her kan du sjå at det er både pluss og minus!