På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.
For oss på Todalen.no var det straumbrotet og dermed mangel på breiband som var den største utfordinga – det førte til at det var problematisk å produsere nyheitssaker midt oppe i kaoset. Men vi fekk da lagt ut ei nyheitssak om raset, og instruks om korleis ein kunne ivareta liv og helse ved hjelp av satellittelefon og jaktradio. Etter kvart vart det da både straum og breiband, og det førte til ei eksplosiv auke i talet på nyheitssaker og talet på lesarar som vart meir enn dobla. Todalen.no fikk ei sentral rolle i info-arbeidet, og kunne erstatte infomøta som vart arrangert dei første dagane – her fann du for eksempel den alltid gjeldande rutetabellen for ferja og hurtigbåten.
Det er mange som har sagt at tida etter raset var ei fin tid. Sjølv om det var mykje styr og ståk, så var den første tida slik at vi brydde oss om kvarandre og vi hjelpte kvarandre meir enn før. Det same inntrykket sitt vi att med i for hold til omverden og. Vegvesenet, byråkratar og politikarar på alle nivå la godviljen til for å løyse problema som oppstod når eit heilt bygdesamfunn vart isolert. Enkelte gjekk så lang at dei på riksnettet lova at det ikkje skulle stå på pengar!
Når vi går gjennom sakene vi har laga utover august i 2013, så ser vi at ting er løyst på beste måte – det tok berre eit stort døgn før straumen var på stell igjen. Først med aggregat og så via reparert linje. I løpet av nokre dagar var persontrafikk i gang med båt, og landgangsfartøy frakta bilar til og frå bygda etter berre 5-6 dagar. – Bygging av midlertidig ferjekai tok knappe 2 veker, og da kom «BF Førdefjord» i rute mellom Todalen og Kvanne. Ny veg forbi ras-staden vart opna alt 9. september, etter at ny vegtrase var sprengt inn i fjellet.
Linkar til nyheitssakene ligg i ei eiga sak!
Vi skal ikkje gå i detalj på det som skjedde utover augustmånaden, men vi har laget linkar til dei mest aktuelle sakene vi laga. Her kan du berre klikke på linken så får du opp sakene og kan sjå på massevis av kjentfolk i dei mange galleria. Bak linken har vi lagt datoen da saka vart lagt ut.