Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
VOX og Safari i salig blanding

VOX og Safari i salig blanding

Elinor Bolme Torsdag 12. april 2012

Søndag 15.april arrangerer koret VOX og jazzgruppa Safari konsert i Stangvik kyrkje. Leiaren for VOX, Åse Torill Solli lovar ein herleg kveld med blanding av gladjazzmusikk av Safari og korsang frå VOX. Koret er ei viareføring av det som ved Surnadal Sparebank sitt store korslag i 2010 kalla seg Feltkoret. VOX kjem til å syngje songar fra bl.a. Hanne Boel, Michael Jackson, Sting, noen søramerikanske salmer og tradisjonell spirituals. Heile 7 av kormedlemmane er solistar på eitt eller fleire av nummera. Naturleg vis med todalsdeltaking.

Konserten er opplagt slik at det blir ein åpningssekvens med VOX og Safari først, deretter blir det ei avdeling med Safari før det avsluttast med alle til slutt. Safari ønska å være komp for koret på alle deira songer, så for å få til dette har de leid inn Torbjørn Kvande på bass-gitar og kuttet ut blåserekka si. Om blåserekka skulle ha vore med måtte dei nemlig ha skrive om alle notene, noko dei fann litt for tidkrevjande for anledninga.

Safari, også med tilhøyrigheit til Todalen. 

Konserten starter kl. 18.00 og billettar selges ved inngangen. Kyrjka har plass til nesten 600 tilhøyrarar, så leiar Åse Torill Solli  håper også mange todalinger finn vegen til Stangvik kyrkje denne kvelden.

Først publisert: 12. april 2012, 07:00 - Sist oppdatert: 11. april 2012, 22:45