Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vintersesongen i gang på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. november 2020

Anleggsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, fortel at løypetraseen no er tråkka, men at det ikkje er køyrt på spor endå. Grunnen til dette er at det ikkje er nok snø endå til å gjere det, men det er snø i heile traseen og fine forhold for ein skitur. 

Da kan vi altså fastslå at vintersesongen er i gang, så da er det berre å finne fram ski og anna vinterutstyr og ta ein tur!

Publisert: 24. november 2020, 15:01