Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Vårsøg-helga» – Gratiskonsert og bygdeboklansering

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. oktober 2020

Laurdag 17.oktober klokka 13:00 er det gratiskonsert i foajeen på Surnadal kulturhus, sjølvsagt med smittevenrestriksjonar i høve til avstand og og kor mange det vil vere plass til. På konserten vil ein få høyre Karstein Mauset og eit innslag frå «Surnadals hyllest til dIRE sTRAITS», forutan at kulturskulen og Dansekompaniet stiller sterkt. Det er òg lansering av den nyaste bygdeboka denne dagen. 

Svein Sæter er konferansier og vil presentere nokre unge lokale diktarar og eit par eldre bygdebokstibentar. Det siste har samanheng med at bygdebok nummer 4 (Pollen – Sogge) blir lansert og lagt ut for sal denne dagen.

«Vårsøg 75 år». Foto Tingh

Etter konserten vil det vere mogleg å sjå Ingeborg Grimsmo sin kortfilm «Kleivakongen» i kinosalen. I Finstuå vil det vere digital utstilling av bilete som Hans Hyldbakk har teke. 

Lanseringa og salet av bygdebok for Surnadal band 4 (Pollen – Sogge) skjer på Surnadal folkebibliotek på Surnadal kulturhus mellom klokka 14:00 – 16:00. Så her er det mogleg å sikre seg eit av dei første eksemplara av den nyaste bygdeboka. Boka er på 574 sider. 

Bygdebok for Surnadal band 3.

Laurdag kveld klokka 20:00 og søndag kveld klokka 18:00 kan du få med deg Teatret Vårt sin teaterkonsert «Vårsøg 75 år». Billetter til denne kan du kjøpe her: «Vårsøg 75 år»

Du kan òg lese om Teatret Vårt sin teaterkonsert frå tidlegare omtale her på Todalen.no: Sommarro sin hyllest til Hyldbakk og freden!

Publisert: 15. oktober 2020, 15:00