Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Uvanleg men tradisjonsrik kost

Uvanleg men tradisjonsrik kost

Jon Olav Ørsal Måndag 14. november 2011

For ein månads tid sia hadde Todalen.no er lita sak om om Johan K. som flådde og reinska sauhau, som seinare skulle bli ein delikatesse til middagsbordet. Han ga da sterke signal om at det skulle kome ein ivitasjon til å småke denne delikatessen. Invitasjonen kom i helga, og søndag ettermiddag var det klart for middag med sauhau som menyen. Etter at sauhaua hadde koka vel og lenge var det klart for servering, saman med potet, gulrot og kålrabistappe og sjølvsagt tilhørande sauefeitt. Og jammen var det godt!

Etter at sauhaua var flådd og reingjordt har dei lege til salting i nokre veker og etterpå er dei igjen vatna ut i 3 dagar for å bli passe salt.  Så vart dei koka i 2-3 timar før dei var klare for servering. Det er mange måtar å lage denne menyen på, og på Vestlandet er det vanleg å svi haua for å få vekk ulla og få litt meir smak. Her kan du lese meir om denne tradisjonsrike retten på  www.smalahove.no.

Publisert: 14. november 2011, 05:00