Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg ettermiddagskonsert i Skulstua

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mars 2019

Det vart ei triveleg ettermiddagsstund med trekkspellkonsert i Skulstua laurdag ettermiddag.  Det var 4/6-deler av The Invalidos som var forsterka med trubaduren og trekkspellmannen Konrad Nerland frå Lyngstad som sørga for underhaldninga. Med eit 20-tals tilhøyrarar blir det midt i blinken å kalle arrangementet for intimkonsert.

The Invalidos er i utgangspunktet 6 mann i talet – Jon Bjarne Husby på trekkspell og Gudmund Husby på bas, vidare Erling Myrbostad og Hroar Kvande frå Lykkjeeidet på trekkspell, Johannes Holten på trekkspell frå Bøverdalen og Ola Baardset på trekkspell og gitar frå Skålvikfjorden. Denne dagen hadde Gudmund Husby og Ola Baardset «lovleg» forfall og dermed vart det Konrad Nerland frå Lyngstad som kom med som ei forsterking.

Jon Bjarne Husby hadde skrevet ei visetekst om The Invalidos – det blir no varemerket. Foto: Jon Olav Ørsal

«Vi øve ikkje, vi berre spella», sa Jon Husby da han som kappelmester introduserte bandet «The Invalidos», som har si hsistorie så langt attende så da Jon Bjarne og Erling var på Kristiansund sjukehus på kneoperasjon for eit år eller to sia. Det vart iallfall starten på The Invalidos- og sidan har dei altså vorte fleire, og Konrad Nerland konkluderte med at det var gleda med musikken som var det viktigaste.  Og den gleda kunne vi altså ta del i under intimkonserten i Skulstua, der vi i pausen vart trekterte med kaffe og kaker – og lotteri med mange gevinstar. Da vanka det også nokre gode historier og skrøner – dei aller fleste på den rette sida av streken.

Konrad Nerland forsterka «The Invalidos» og hadde menge gode historier på lur. Konrad Nerland kjem frå Lyngstad i Eide. Foto: Jon Olav Ørsal

Konserten både starta og slutta med Jularbos brudevals, og vi fekk elles høre både hambo, reilender, polka og til og med skinnflat midnattstango. Elles fikk vi høre både Karlstadtøsarna, Valsedrømmer, Lokkarn’n, Drømmen om Elin og mange fleir. Sjølv om det vart påstått at dei ikkje øver, så trur eg no at det er ein påstand som er litt for beskjeden. Tykte det svinga skikkeleg og det var nok både spellmenn og andre som trappa takten og «var med» når det svinga som mest.

Kjøkkengjengen tok fram smilet til fotografen – frå venstre Ragna Kvendset, Johan Ranes, Maria Hagerupsen Halle og Line Kvendset Foto: Jon Olav Ørsal

Rund kaffebordet, Marit S. Søyset, Ragnhild A. Moe, Torild Halset, Ingrid og Jan Nordvik og Sverre Kjølstad. Foto: Jon Olav Ørsal

Rundt kaffebordet – frå venstre Bjørgulf Øyen, Asbjørn Heimlund, Anders halset og Åshild Fjøseid. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 9. mars 2019, 17:33