Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tonekveld med omtanke….

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. november 2015

Juleverset – «Eit lite barn så lystelig» var ein av ingrediensane da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte til støttekonsert og songkveld i kyrkja onsdag kveld. Sjølv om det var berre eit lite tjuetal som tok tilhøyrarplass i kyrkja denne kvelden, så fekk iallfall vi som var der ein fin kveld med flott korsong og dei som ville kunne delta i allsongen.

Åsskard kyrkjekor i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

Kora bydde på songar frå den nye songboka, med både kjente og meir ukjente innslag, og var innom både gospelsongar og sågar julesalmer. May Elisabeth Holten fekk den store æra å velge «Min salme», og når vi no nærmar oss advent så var «Deilig er jorden» eit ganske natuleg val. Kjente faktisk ein snev av julstemning når den tona ut i kyrkja.

Dirigent Bernt Bøe sydde saman arrangementet på ein lun og fin måte, og minte oss på solidaritetstanken i samband med flykningsituasjonen både i Noreg og elles i Europa, og at kveldens kollekt gikk til Kirkens Nødhjelps flykningearbeid.  Einy Rendal takka for ein fin songkveld både dirigent og dei to kora på vegne av publikum.

 

Publisert: 19. november 2015, 05:00